Stirling Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stirling Moss ved Nürburgring-bana i 1961.

Sir Stirling Craufurd Moss (fødd 17. september 1929) er ein tidlegare motorsportførar frå England. Han er sonen til Indy 500 deltakaren Alfred E. Moss og bror til Pat Moss, den kvinnelege rallyføraren som gifta seg med svensken Erik Carlsson. Moss var ein allsidig førar som konkurerte i ei rekkje billøp, som inkludert formel 1. Han vann ei rekkje billøp, men vann aldri mesterskapet.

Stirling Moss køyrde i bilar som Maserati, Vanwall, Cooper, og Lotus, i tilleg til Mercedes-Benz Han foretrakk helst britiske bilar. "Better to lose honorably in a British car than win in a foreign one" skal han ha sagt.[1]

I 1961 vart han kåra til "Sports Personality of the Year" av BBC. Året etter vart Moss hardt skada i eit Glover Trophy-løp i Sør-England. Han kom seg frå ulykka, men den aktive motorsportkarriera for Moss var over. Han har likevell delteke i British Touring Car Championship i 1980 og eit par klassiske billøp med historiske bilar.

Moss var lenge den mest suksessfulle engelske motorsportutøvaren når det gjeld talet på sigrar, men i 1991 vart han slått av Nigel Mansell, etter å ha delteke i fleire løp enn Moss.

I James Bond-filmen Casino Royale, spelar Stirling Moss rolla som Evelyn Tremble (Peter Sellers) sin sjåfør.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]