Stirling region

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stirling
Sruighlea
Geografi
Areal
2 187 km²
Administrasjonsstad
Stirling
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

88 400
40,4 /km²

Stirling (låglandsskotsk Stirlin, skotsk-gælisk Sruighlea) er ein av 32 regionar i Skottland med kring 90 000 innbyggjarar. Regionen vart oppretta i 1996 med dei same grensene som distriktet Stirling, som då var ein del av regionen Central. Dette dekte det meste av det tidlegare county of Stirling (bortsett frå Falkirk) og den sørvestlege delen av det tidlegare county of Perth. Begge grevskapa vart avskaffa i 1975.

Det administrative senteret i regionen er byen Stirling.

Regionen grensar til Clackmannanshire i aust, Falkirk i søraust, Perth and Kinross i nord og nordaust, Argyll and Bute i nord og nordvest og både East og West Dunbartonshire i sørvest.

Dei fleste av innbyggjarane i regionen bur i det søraustlege hjørnet, i byen Stirling og området rundt dei lågtliggande kommunane Dunblane og Bridge of Allan i nord, Bannockburn heilt i sør og dei tidlegare kolgruvestadane Cowie, Fallin og Plean (som samla vert kalla «The Eastern Villages»).

Den siste tredjedelen av folkesetnaden bur spreidd rundt på langsbygda, hovudsakleg i Det skotske høglandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]