Stiv kuling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verknaden av stiv kuling på sjøen

Stiv kuling er vindstyrke 7 i Beaufortskalaen og den midterste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er 13,9 til 17,1 m/s eller 51-62 km/t for stiv kuling. Den eldre sjønemninga var trereva kuling.

Verknad på land[endre | endre wikiteksten]

Heile tre rører på seg. Det er tungt å gå mot vinden.

Verknad i fjellet[endre | endre wikiteksten]

I motvind må ein lute seg fram over skia og legge stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina i vindkasta. Snøfokk set ned sikta til få hundre meter. Det kan vere vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i stiv kuling er ein stor påkjenning på dei fleste.

Verknad på sjøen[endre | endre wikiteksten]

Sjøen hopar seg opp til bølgjehøgder på 4,5-5 meter og kvitt skum som dannast frå bølgjetoppane som bryt, byrjar å blese i strimer i vindretninga.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Språk Namn
Svensk Hård vind (på land), styv kuling/kultje (til sjøs)
Dansk Stiv kuling
Færøysk Hvassur vindur
Islandsk Allhvasst
Engelsk High wind, moderate gale eller near gale

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«stiv_kuling» i Store norske leksikon, snl.no.