Stjørnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eide ved Stjørnfjorden i Bjugn

Stjørnfjorden er ein fjordarm av Trondheimsfjorden i Bjugn, Ørland og Rissa kommune i Sør-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover til Inner-Råkvågen i botn av Nordfjorden. Fjorden deler seg i to armar, Nordfjorden og Sørfjorden.

Fjorden har innløp mellom Jektvikan i nordvest og Baksteinen i søraust. Like innanfor innløpet ligg grenda Austrått på nordsida. Litt lenger inn i fjorden ligg Stjørna, som fjorden er kalla opp etter. På sørsida ligg Fevåg på andre sida av neset Baksteinen. Bergkallen stikk seg sørvestover frå botn av fjorden og deler den indre delen av fjorden i to. Råkvågen ligg på sørsida av Nordfjorden, medan Mælan ligg inst i Sørfjorden.

Rv718 går langs sørsida av fjorden, medan Fv231 går langs delar av nordsida.