Stjernebilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orion er eit eineståande stjernebilete, synleg frå dei fleste stadene på jorda (men ikkje naudsynlegt heile året).

Eit stjernebilete er ei gruppe stjerner visuelt forbundne til kvarandre i ei spesiell samansetting. I tredimensjonalt rom har dei fleste stjernene liten samanheng med kvarandre, men kan for oss sjå ut til å vera gruppert saman på natthimmelen til himmelkvelvinga. Menneske er svært gode til å finne mønster, og har gjennom tidene gruppert stjerner som ser ut til å vera nære kvarandre i stjernebilete. Eit «uoffisielt» stjernebilete er eit som ikkje er godkjent av Den internasjonale astronomiske unionen, dei blir au kalla «asterismer». Karlsvogna er eit døme på ein asterisme. Stjernene i eit stjernebilete har sjeldan astrofysiske forhold med kvarandre, dei ser berre ut til å vera nær kvarandre observert frå jorda. Dei vil typisk liggje mange lysår frå kvarandre i rommet.

Inndelinga av stjerner i stjernebilete er i utgangspunktet tilfeldig, og forskjellige kulturar har forskjellige stjernebilete. Unntaka er nokre som skil seg ut, dei repeterer seg ofte under forskjellige namn, til dømes Orion og Skorpionen.

Den internasjonale astronomiske unionen (IAU) deler opp himmelen i 88 offisielle stjernebilete med nøyaktige grenser, sånn at heile himmelen er dekt av eitt og eitt stjernebilete. På den nordlege himmelhalvkula er desse i hovudsak basert på stjernebileta i gresk mytologi, nedarva frå mellomalderen. Blant dei er au teikna i dyrekrinsen.

Historia til stjernebileta[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Oversyn over stjernebileta

Lista av stjernebilete i dag er basert på dei romaren Ptolemeius skreiv ned. I nyare tider har denne lista blitt utvida, for å fylle mellomromma mellom stjernebileta til Ptolemeius (grekarane mente at himmelen inkluderte stjernebileta og tomrommet mellom dei). Tolv av stjernebileta på den sørlege himmelhalvkula kunne ikkje sjåast av grekarane, og namna vi nyttar i dag blei skapa av dei nederlandske navigatørane Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman. Johann Bayer var den fyrste som katalogiserte desse.

Andre foreslåtte stjernebilete kom ikkje gjennom, spesielt kan Quadrans Muralis nemnast (nå ein del av Bjørnepassaren), som meteorsvermen kvadrantidane er kalla opp etter. Stjernebiletet Argo Navis var så stort at det blei oppdelt i fleire mindre stjernebilete.

Stjernenamn[endre | endre wikiteksten]

Mange stjerner er namnsett ved hjelp av genitivsforma til det latinske namnet på stjernebiletet ho er i. Desse namna inkluderer bayernamna som til dømes α (alfa) Centauri, flamsteednamna som til dømes 61 Cygni og namn på variable stjerner som til dømes RR Lyrae. For meir informasjon om stjernenamna, sjå stjernenamn og liste over stjerner i stjernebilde.

Dei 88 stjernebileta[endre | endre wikiteksten]

Latinsk namn Norsk namn Forkorting Latinsk genitiv Hovudstjerne Fastlagt av
Andromeda Andromeda And Andromedae Alpheratz (Sirrah) Ptolemeius
Antlia (Pneumatica)* Luftpumpa Ant Antliae   Lacaille
Apus Paradisfuglen Aps Apodis   Bayer
Aquarius Vassmannen Aqr Aquarii Sadalmelik Ptolemeius
Aquila Ørna Aql Aquilae Altair Ptolemeius
Ara Alteret Ara Arae   Ptolemeius
Aries Vêren Ari Arietis Hamal Ptolemeius
Auriga Kusken Aur Aurigae Capella Ptolemeius
Bootes Bjørnepassaren Boo Bootis Arcturus Ptolemeius
Caelum [Caela Sculptori]** Gravstikka (Meiselen) Cae Caeli   Lacaille
Camelopardalis Sjiraffen Cam Camelopardalis   Plancius
Cancer Krepsen Cnc Cancri Acubens Ptolemeius
Canes Venatici Jakthundane CVn Canum Venaticorum Cor Caroli Hevelius
Canis Major Den store hunden CMa Canis Majoris Sirius Ptolemeius
Canis Minor Den vesle hunden CMi Canis Minoris Procyon Ptolemeius
Capricornus Steinbukken Cap Capricorni Deneb Algedi Ptolemeius
Carina Kjølen Car Carinae Canopus Lacaille
Cassiopeia Kassiopeia Cas Cassiopeiae Schedir Ptolemeius
Centaurus Kentauren Cen Centauri Rigil Kentaurus Ptolemeius
Cepheus Kefeus Cep Cephei Alderamin Ptolemeius
Cetus Kvalfisken Cet Ceti Menkar Ptolemeius
Chamelaeon Kameleonen Cha Chamaeleontis   Bayer
Circinus Passaren Cir Circini   Lacaille
Columba Dua Col Columbae Phakt Plancius
Coma Berenices Berenikes hår Com Comae Berenices Diadem Ptolemeius
Corona Australis Den sørlege krona CrA Coronae Australis Alfecca Meridiana Ptolemeius
Corona Borealis Den nordlege krona CrB Coronae Borealis Alphekka (Gemma) Ptolemeius
Corvus Ramnen Crv Corvi Alchiba Ptolemeius
Crater Begeret Crt Crateris Alkes Ptolemeius
Crux (Australis)* Sørkrossen Cru Crucis Australis Acrux Hevelius
Cygnus Svana Cyg Cygni Deneb Ptolemeius
Delphinus Delfinen Del Delphini Sualocin Ptolemeius
Dorado Gullfisken Dor Doradus   Bayer
Draco Draken Dra Draconis Thuban Ptolemeius
Equuleus Folen Equ Equulei Kitalpha Ptolemeius
Eridanus Floda Eri Eridani Achernar Ptolemeius
Fornax (Chemica)* Smelteomnen For Fornacis Fornacis Lacaille
Gemini Tvillingane Gem Geminorum Castor Ptolemeius
Grus Trana Gru Gruis Al Nair Bayer
Hercules Herkules Her Herculis Ras Algethi Ptolemeius
Horologium Uret Hor Horologii   Lacaille
Hydra Vasslangen Hya Hydrae Alphard Ptolemeius
Hydrus Den sørlege vasslangen Hyi Hydri   Bayer
Indus Indianaren Ind Indi   Bayer
Lacerta Øgla Lac Lacertae   Hevelius
Leo Løva Leo Leonis Regulus Ptolemeius
Leo Minor Den vesle løva LMi Leonis Minoris Praecipua Hevelius
Lepus Haren Lep Leporis Arneb Ptolemeius
Libra Vekta Lib Librae Zuben Elgenubi Ptolemeius
Lupus Ulven Lup Lupi   Ptolemeius
Lynx Gaupa Lyn Lyncis   Hevelius
Lyra Lyra Lyr Lyrae Vega Ptolemeius
Mensa Bordet Men Mensae   Lacaille
Microscopium Mikroskopet Mic Microscopii   Lacaille
Monocerus Einhyrningen Mon Monocerotis   Hevelius
Musca Fluga Mus Muscae   Hevelius
Norma Vinkelhaken Nor Normae   Lacaille
Octans Oktanten Oct Octantis   Lacaille
Ophiuchus Slangeberaren Oph Ophiuchi Ras Alhague Ptolemeius
Orion Orion Ori Orionis Betelgeuse Ptolemeius
Pavo Påfuglen Pav Pavonis Joo Tseo (Påfuglen) Bayer
Pegasus Pegasus Peg Pegasi Markab Ptolemeius
Perseus Persevs Per Persei Mirphak (Algenib) Ptolemeius
Phoenix Føniks Phe Phoenicis Ankaa Bayer
Pictor [Equuleus Pictoris]** Staffeliet Pic Pictoris   Lacaille
Piscis Austrinus Den sørlege fisken PsA Piscis Austrini Fomalhaut Ptolemeius
Pisces Fiskane Psc Piscium Alrischa Ptolemeius
Puppis Akterstamnen Pup Puppis Naos Lacaille
Pyxis (Nautica)* Kompasset Pyx Pyxidis   Lacaille
Reticulum Nettet Ret Reticuli   Lacaille
Sagitta Pila Sge Sagittae Sham Ptolemeius
Sagittarius Skytten Sgr Sagittarii Rukbat Ptolemeius
Scorpius Skorpionen Sco Scorpii Antares Ptolemeius
Sculptor [Apparatus sculpturis]** Bildehoggaren Scl Sculptoris   Lacaille
Scutum Skjoldet Sct Scuti   Hevelius
Serpens Slangen Ser Serpentis Unukalhai Ptolemeius
Sextans Sekstanten Sex Sextantis   Hevelius
Taurus Tyren Tau Tauri Aldebaran Ptolemeius
Telescopium Teleskopet Tel Telescopii   Lacaille
Triangulum Australis Det sørlege triangelet TrA Trianguli Australis Atria Bayer
Triangulum Triangelet Tri Trianguli Metallah Ptolemeius
Tucana Tukanen Tuc Tucanae   Bayer
Ursa Major Den store bjørnen UMa Ursae Maioris Dubhe Ptolemeius
Ursa Minor Den vesle bjørnen UMi Ursae Minoris Polaris Ptolemeius
Vela Seglet Vel Velorum Suhail al Muhlif Lacaille
Virgo Jomfrua Vir Virginis Spica Ptolemeius
(Piscis) Volans* Flygefisken Vol Volantis   Bayer
Vulpecula Reven Vul Vulpeculae   Hevelius

Dei med '*' viser namn som nå for tida mest blir nytta utan det som står i parentesen.
Namn merkte med '**' viser namn som har blitt heilt endra. Det opphavlege namnet står i fylgjande parentesar: '[ ]'

Fargar: Den nordlege stjernehimmelen Den sørlege stjernehimmelen

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stjernebilde


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna