Stjernebiletet Herkules

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herkules
Herkules
Herkules
Latinsk namn Hercules
Forkorting Her
Genitivsform Herculis
Symbologi Frå gresk mytologi
Rektasensjon 17 h
Deklinasjon 30°
Areal 1225 kvadratgrader
nr. 5 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Ras Algethi (α Her) (3,1. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −50°

Herkules (frå latin Hercules) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er kalla opp etter Herkules, helten frå romersk mytologi. Herkules var eit av dei 48 stjernebielta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er det femte største av dagens stjernebilete.

Stjernebiletet Herkules slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Herkules har ingen stjerner av første eller andre storleiksklasse, men har fleire stjerner over storleiklasse 4. Alfa Herculis, tradisjonelt kalla Rasalgethi, er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å sjå i små amatørteleskop, 400 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei irregulær variabel stjerne, ei raud kjempe med ein minste storleiksklasse på 4 og ein største storleiksklasse på 3. Ho har ein diameter som er 400 soldiameterar. Sekundærstjerna har ei omlaupstid på 3600 år, og er ei blågrøn stjerne med storleiksklasse 5,4. Beta Herculis, òg kalla Kornephoros, er den mest lyssterke stjerna i Herkules. Ho er ei gul kjempe med storleiksklasse 2,8, 148 lysår frå jorda. Delta Herculis er ei optisk dobbeltstjerne ein kan sjå i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 3,1, og ho ligg 78 lysår frå jorda. Den optiske følgjestjerna har storleiksklasse 8,2. Gamma Herculis er òg ei dobbeltstjerne ein kan sjå i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei kvit kjempe med storleiksklasse 3,8, 195 lysår frå jorda. Den optiske følgjestjerna har storleiksklasse 10. Zeta Herculis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop. Systemet ligg 35 lysår frå jorda og har ein periode på 34,5 år. Primærstjerna er ei gulaktig stjerne med storleiksklasse 2,9 og den sekundære er ei oransje stjerne med storleiksklasse 5,7.[1]

Det finst fleire meir lyssvake variable stjerner i Herkules. 30 Herculis, òg kalla g Herculis, er ei halvregulær raud kjempe med ein periode på 3 månader. Ho ligg 361 lysår frå jorda, og har ein minste storleiksklasse på 6,3 og ein største storleiksklasse på 4,3. 68 Herculis, òg kalla u Herculis, er ein Beta Lyrae-type formørkande dobbeltstjerne star. 8,5 lysår frå jorda, it has ein periode på 2 dagar; its minimum magnitude is 5,4 and its maximum magnitude is 4.7.[1]

Hercules is also home to many dobbeltstjerner and dobbeltstjerner. Kappa Herculis er ei dobbeltstjerne divisible in små amatørteleskop. Primærstjerna er ei gul kjempe med storleiksklasse 5,0, 3,8 lysår frå jorda; den sekundære is an oransje kjempe med storleiksklasse 6,3, 4,0 lysår frå jorda. Rho Herculis er ei dobbeltstjerne 4,2 lysår frå jorda, divisible in små amatørteleskop. Both komponentar are blue-green kjempestjerner; the primær is magnitude 4,5 and den sekundære is magnitude 5.5. 95 Herculis er ei dobbeltstjerne divisible in små teleskop, 4,0 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei silvery kjempestjerne med storleiksklasse 4,9 and den sekundære is an old kjempestjerne med storleiksklasse 5.2. 100 Herculis er ei dobbeltstjerne easily divisible in små amatørteleskop. Both komponentar are magnitude 5,8 blåkvit stars; they are 1,5 and 2,0 lysår frå jorda.[1]

Mu Herculis ligg 27,4 lysår frå jorda. Solapeks, som vil sei punktet på himmelen som markerer retninga som sola flyttar seg i banen sin kring sentrum av Mjølkevegen, ligg i Herkules,[2] nær Vega i nabostjernebiletet Lyra.

Planetsystem[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til femten stjerner i Herkules med exoplanetar.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Herkules har to lyssterke kulehopar: M13, den mest lyssterke kulehopen på den nordlege himmelhalvkula og M92. Her finst òg den nesten sfæriske planetariske tåka Abell 39. M13 ligg mellom stjernene η Her og ζ Her. Ho er lyssvak, men er mogeleg å sjå med det nakne auga på særs klåre netter.

M13, er synleg både med det nakne auga og kikkert og er ein kulehop med storleik 5 og meir enn 300 000 stjerner og 25 200 lysår frå jorda. Han er òg særs stor, med ein tilsynelatande diameter på over 0,25 grader, halve storleiken til fullmånen. Den fysiske diameteren er meir enn 100 lysår. Ein kan sjå individuelle stjerner i M13 i små amatørteleskop.[1]

M92 er ein kulehop med storleiksklasse 6,4, 26 000 lysår frå jorda. Han er ein Shapley-klasse IV hop, som indikerer at han er ganske konsentrert mot midten. M92 er synleg som ei uklår stjerne i kikkert. Han er den eldste kulehopen ein kjenner til med ein alder på 14 milliardar år, og stjernene er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.[1]

NGC 6229 er ein meir lyssvak kulehop, med storleiksklasse på 9,4. Han ligg 100 000 lysår frå jorda og er ein Shapley-klasse IV hop.[3]

NGC 6210 er ei planetarisk tåke med storleik 8, 4000 lysår frå jorda og synleg som ein blågrøn ellipseforma skive i amatørteleskop med apertur større enn 75 mm.[1]

Herkuleshopen (Abell 2151) er ei samling galaksar i Herkules.

Den store muren Herkules–Den nordlege krona, den største strukturen i universtet, ligg i Herkules.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ridpath & Tirion 2001, s. 154-156.
  2. Struve, Otto; Lynds, Beverly; Pillans, Helen (1959). Elementary Astronomi. New York: Oxford University Press. s. 1,0. 
  3. Levy 2005, s. 154.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stjernebiletet Herkules

Koordinatar: Sky map 17h 00m 00s, +30° 00′ 00″