Stjernefestning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
festningsverka i Bourtange, ombygd til slik dei var i 1750. I Groningen i Nederland.
Kart frå 1600-talet av byen Palmanova i Italia, med eit døme på venetiansk stjernefort.

Stjernefestning er ein festningstype sett saman av tenaljar (festningsverk med skarpe vinklar) rundtom ei mangekanta form slik at bygningen sett ovanfrå minnar om ei stjerne. Festninga vart utvikla i krutperiodenkanonar dominerte slagmarkene, og vart først utvikla på midten av 1400-talet i Italia.

Passive ringforma (enceinte) mellomalderfestningar synte seg å vere sårbare og lette å øydelegge med kanonar, sidan kanonkulene kunne skytast vinkelrett mot ein murvegg. I tillegg kunne ein angripande styrke kome nær muren relativt trygt, sidan forsvararane ikkje kunne skyte på dei frå nærliggande murar. Ei stjernefestning var derimot ein særs flat struktur bygd opp av mange triangulære bastionar, særskild utforma for å dekkje kvarandre og ei grøft. For å stå imot kanonkuler vart forsvarsmurane bygd lågare og tjukkare. Sjølv om dette gjorde at det vart lettare å kome opp murane, vart grøfte gjort breiare, slik at det angripande infanteriet framleis var utsett for skot frå murane, inkludert flankeskot frå bastionane. Den ytre sida av grøfta var vanlegvis utstyrt med ein skanseskråning for å hindre at kanonkulene trefte den nedre delen av hovudveggen. Andre strukturar som utanverk, tenailler, hornverk og kronverk, og til og med frittståande fort vart bygde for å danne komplekse ytre forsvarsverk for å verne hovudmuren frå artilleri, og stundom fungere som ytterlegare forsvarsstillingar. Dei vart bygde av mange materiale, men vanlegvis jord og murstein, sidan mursteinar ikkje vert slått i stykke på same måte som stein gjer når dei vert trefte av kanonkuler.

Stjernefestningane vart vidareutvikla seint på 1400-talet og tidleg på 100-talet under den franske invasjonen av Den italienske halvøya. Den franske armeen var utstyrte med nye kanonar og bombekastarar som lett øydela tradisjonelle forsvarsverk bygde i mellomalderen. Stjernefestningar vart nytta av Michelangelo i festningsvollane til Firenze og ytterlegare utvikla på 1500-talet av Baldassare Peruzzi og Scamozzi. Utforminga spreidde seg i Italia i 1530- og 1540-åra. Det vart bygde mange slike festninga gjennom Europa dei neste tre hundreåra. Italienske ingeniørar var ettertrakta i heile Europa for å byggje nye festningsverk. På slutten av 1600-talet var Menno van Coehoorn og særleg Vauban, militæringeniøren til Ludvig XIV, rekna for å ha teke denne forma for festningsverk så langt som råd var.[1]

På 1800-talet førte utviklinga av sprenggranater til at defensive forsvarsverk vart endra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]