Stjertmeisfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjertmeisfamilien
Stjertmeis Foto: Andreas Trepte
Stjertmeis
Foto: Andreas Trepte
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Stjertmeisfamilien Aegithalidae
Reichenbach, 1850

Stjertmeisfamilien (Aegithalidae) er ein familie av små, meiseliknande sporvefuglar med lang hale.

Familien er generelt utbreidd i Europa, Asia. Krattmeis lever i Nord- og Mellom-Amerika. Han har 10–13 artar fordelt på fire slekter. I Noreg hekkar berre stjertmeis, Aegithalos caudatus.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Alle artar i stjertmeisfamilien er skogsfuglar, med habitat særleg skogkanten og i underskog. Artane i slekta Aegithalos føretrekker lauvskog eller blanda lauvskog, medan den vesle pygmémeis finst hovudsakleg i alpin barskog. Krattmeis finst i eit breitt spekter av habitat, blant anna ved einskilde høve tørt buskland, men mest vanleg i blanda skog. Dei fleste artane i denne familien lever i fjellhabitat i og rundt Himalaya, og alle er fordelt i Eurasia med unntak av krattmeis, som har leveområde i vestlege Nord-Amerika. Arten stjertmeis har den mest omfattande distribusjonen av nokre artar av Aegithalidae, på tvers av Eurasia frå Storbritannia til Japan. I motsetnad til stjertmeis er pygmémeis avgrensa til fjella i vestlege Java. Artane i denne familien er vanlegvis ikkje trekkfuglar, sjølv om stjertmeis spreier seg i den nordlege utkanten av området, særleg i Sibir. Mange alpine artar flyttar seg ned til lågare område om vinteren.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utanfor hekkesesongen dannar krattmeispara store flokkar.
Foto: Scott Catron

Dette er små fuglar, 9–14 centimeter i lengd, inkludert den relativt lange halen, og veg berre 4,5 til 9 gram. Fjørdrakta er vanlegvis kjedeleg grå eller brun, sjølv om nokre artar har kvite teikningar og stjertmeis òg har litt rosa farge.[2] I motsetnad til resten av familien er dei to Leptopoecile-artane ganske fargerike, har fiolett og blå fjørdrakt. Toppsongar er den einaste medlemmen av familien som har kam. Nebba i denne familien er små, korte og koniske i forma. Vengene er korte og runde, og beina er relativt lange.

Fuglane i stjertmeisfamilien er altetande, først og fremst et dei insekt og andre virvellause dyr.[3] Om vinteren kan dei av og til ta vegetabilsk føde. Familien beitar generelt i skog, vanlegvis i buskar eller i trekroner, og går sjeldan ned på bakken. Generelt tar dei bytte frå greiner, blad og knoppar, meir sjeldan i lufta. Desse smidige fuglane kan hengje opp ned frå greiner når dei et, og til og med granske greiner og blad for å finne skjult mat.[1]

Desse fuglane lever i flokkar på 6 til 12 i store delar av året. Dei opprettheld kontakten med trillelydar, songane deira er lågmælte.[2]

Familien har generelt eit monogamt sosialt system. Par kan bli stødd av hjelparar, der eit eller fleire nærskylde individ bidreg til at para får nye kull. Medan dette berre har vore registrert hos to artar, reflekterer det truleg mangel på informasjon om andre artar.[1] Aegithalid-artane lagar overbygde, poseliknande reir av vove spindelvev og lav som dei fôrar med fjører. Dei byggjer reira i tre med tett lauvverk, noko som gjer dei vanskeleg å oppdage.[3] Kullet består av 6-10 kvite egg, som hos mange av artane har raude flekker. Vaksne rugar eggene i 13 til 14 dagar, ungane held seg i reiret i 16 til 17 dagar. Hos dei godt studerte artane som stjertmeis og krattmeis, er det sannsynleg at berre hoa rugar.[2] Ungar blir utelukkande fôra på insekt og edderkoppar.[1]

Purpursongar er ein av få artar i familien med fargerik fjørdrakt
Foto: Alastair Rae
Pygmémeis
Foto: Lip Kee Yap

Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Stjertmeiser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Leptopoecile

  • Purpurmeis, Leptopoecile sophiae, White-browed Tit-Warbler, Severtsov, 1873, (LC)
  • Aurorameis, Leptopoecile elegans, Crested Tit-Warbler, Przewalski, 1887, (LC)

Slekt Aegithalos

  • Stjertmeis, Aegithalos caudatus, Long-tailed Tit, Linné, 1758, (LC)
  • Sølvhakestjertmeis, Aegithalos glaucogularis, Silver-throated Tit, Gould, 1855, (LC)
  • Einerstjertmeis, Aegithalos leucogenys, White-cheeked Tit, Moore, F, 1854, (LC)
  • Praktstjertmeis, Aegithalos concinnus, Black-throated Tit, Gould, 1855, (LC)
  • Kvitkronestjertmeis, Aegithalos niveogularis, White-throated Tit, Gould, 1855, (LC)
  • Ruststjertmeis, Aegithalos iouschistos, Black-browed Tit, Blyth, 1845, (LC)
  • Eikestjertmeis, Aegithalos fuliginosus, Sooty Tit, Verreaux, J, 1869, (LC)

Slekt Psaltriparus

  • Krattmeis, Psaltriparus minimus, Bushtit, Townsend, JK, 1837, (LC)

Slekt Psaltria

  • Pygmémeis, Psaltria exilis, Pygmy Tit, Temminck, 1836, (LC)

To artar som er godkjente av IOC World Bird List, Aegithalos bonvaloti og Aegithalos sharpei, har ikkje namn på norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Harrap, Simon (2007). «Family Aegithalidae (Long-tailed Tits)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D. Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. s. 76–101. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Perrins, Christopher M. (2003). «Long-tailed Tits». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 556–557. ISBN 1-55297-777-3. 
  3. 3,0 3,1 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 202. ISBN 1-85391-186-0. 
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stjertmeisfamilien