Stoffskifte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Stoffskifte eller metabolisme er eit sett av kjemiske reaksjonar som skjer i levande celler. Desse prosessane er grunnlag for alt liv, og heilt naudsynte for at celler skal kunne vekse og reprodusere seg, oppretthalde strukturar, og respondere riktig i miljøet sitt.

I all hovudsak dreier metabolisme seg om nyttiggjering av næringsstoff; først og fremst karbohydrat, protein og feitt; til vevsbygging og energi, og å kvitte seg med avfallsstoff. Stoffskiftet blir delt i anabolisme (oppbygging) og katabolisme (nedbryting). Ein slåande eigenskap til stoffskiftet er likskapane mellom grunnleggande metabolske vegar og grunnleggande komponentar mellom veldig ulike artar. Desse likskapane kjem truleg av at dei vart utvikla tidleg i evolusjonshistoria.

Med metabolisme kan og ein òg meine dei kjemiske reaksjonane som skjer i levande organismar, inkludert fordøyinga og transport av substansar inni og mellom ulike celler. Metabolisme blir normalt delt inn i to kategoriar, katabolisme og anabolisme. Katabolisme bryt ned organisk materiale for å hauste energi i celleandinga. Anabolisme brukar energi til å bygge komponentar til cella, som protein og nukleinsyrer. Dei kjemiske reaksjonane i metabolismen er organiserte i metabolske vegar, der eit kjemikal blir omdanna gjennom ein serie av steg til andre kjemikal ved enzymaktivitet. Enzyma er veldig viktige for metabolismen fordi dei gjer at organismar kan drive ønskelege reaksjonar som krev energi, og som ikkje kan oppstå av seg sjølv, ved å kople desse reaksjonane til spontane reaksjonar som frigjev energi. Når enzym er katalysatorar kan desse reaksjonane gå raskt og effektivt. Farten på stoffskifte, metabolsk fart, påverkar kor mykje mat ein organisme treng.

Anabolisme[endre | endre wikiteksten]

Anabolisme er oppbygging av næringsstoff. Organismar med anabolisme vert kalla autotrofe, og vert delt inn i dei fotoautotrofe, som får energi frå sollys, og dei kjemo-autotrofe, som nyttegjer seg av kjemiske stoff.

Den mest typiske forma for anabolisme er fotosyntesen, som byggjer energirike glukosemolekyl av karbondioksid, vatn og sollys.

Katabolisme[endre | endre wikiteksten]

Katabolisme er nedbryting av næringsstoff til energi og bygging av vev. Den mest typiske forma for dette er celleanding, som bryt ned glukosemolekyl til karbondioksid og vatn.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.