Stokkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Stokkand

Stokkandpar
Stokkandpar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidæ
Slekt: Anas
Vitskapleg namn
A. platyrhynchos

Stokkand (Anas platyrhynchos) er den største av grasendene våre og er ogso den vanlegaste.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Ein vaksen andrik vert om lag 1,5 kg og er 50-65 cm lang med eit vengespenn på 81-98 cm. Hoa er litt minder med sine 1,3 kg. Hoa har lysebrunt nebb med enkelte mørke sjatteringar, medan andrikken har einsfarga grøngult nebb. Vengene til stokkanda har eit karakteristisk blått område med kvite band framfor og bak. Andrikken skiftar utsende og frå november til mai har han praktdrakt med eit skinnande grønt hovud.

[endre] Forvekslingsart

Stokkanda kan forvekslast med fleire andre grasender, slik som skeiand, stjertand og brunnakke. Skeianda har eit kraftig nebb og eit blått felt fremst på vengen, denne er også betydeleg mindre enn stokkanda. Stjertanda er slankare og har ein lengre hals enn stokkanda. Brunnakken er betydeleg mindre og har eit kvitt felt på oversida av vengen.

[endre] Utbreiing

Stokkanda er vanleg i heile Noreg. Ho er veldig tilpassingsdyktig og held til frå skjærgården og heilt opp til vierregionen. Arten er jaktbar og årleg vert det felt om lag 50 000 stokkender.


[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stokkand