Stokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stokke kommune på kart over Vestfold
Kommunevåpenet til Stokke

Stokke kommune er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke. Han blei slått saman med Andebu og Sandefjord til nye Sandefjord kommune 1. januar 2017.[1]

Stokke kommune grensa i aust til Tønsberg og Nøtterøy, i sør til Sandefjord, i nord til Re og i vest til Andebu.

Stokke dekte eit område på 118 km2 og hadde ei 14 km lang kystline.[2] I tillegg til fastlandet femna kommunen også 8 øyar med samla areal på kring 1,1 km2. Landskapet i området er småkupert og det høgste punktet, på snautt 160 moh, ligg heilt nordvest i den tidlegare kommunen. Vestfoldbanen har stoppestad ved Stokke stasjon, og Sandefjord Lufthamn ligg delvis innan dei gamle kommunegrensene. Europaveg 18 (frå Oslo til Kristiansand) kryssa kommunen, og avstanden til Tønsberg og Sandefjord er 15 km i begge retningar.[2]

Administrasjonssenter i kommunen var Stokke, der det meste av forretningar og kontor i den tidlegare kommunen låg. Andre tettstader innan dei gamle kommunegrensene er Fossnes, Storevar, Melsomvik og Vear. Vear-området blei overført til Tønsberg kommune etter vedtak i kommunestyra i Stokke og Tønsberg.

I tillegg til grunnskolane hadde Stokke ein vidaregåande skole: Melsom videregående skole, som hovudsakleg har landbruksfaglege studieretningar.

Kommunenamn og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Stokke kommune, som opphavleg var eit sogn, fekk namnet sitt frå garden Stokke (på gamalnorsk Stokkar), og hadde dette namnet sidan den fyrste kyrkja blei bygd på staden. Namnet er fleirtal av «stokkr» (stamme), og refererer visstnok til nokre lange og små åsar i nærområdet av tettstaden Stokke.

Kommunevåpenet blei fastsett ved kongeleg resolusjon 13. januar 1984 og hadde tre opprette gull kvista trestammer mot ein raud bakgrunn.[3] Motivet spelar på kommunenamnet.

Kjente stokkesokningar[endre | endre wikiteksten]

Kjente stader i Stokke[endre | endre wikiteksten]

Oslofjord Convention Center ved Tønsbergfjorden i Stokke kommune.
Midtre kanonstilling ved Sundås batteri
Foto: Tommy Gildseth
  • Sundåsen Fort og Melsomvik hamn er to av dei viktigaste stadene når det gjeld unionsoppløysinga med Sverige i 1905. Heile den norske marinen var da samla i Melsomvik. Sundåsen Fort saman med Håøya var to av utkikkspostane med kanonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Første sammenslåing i kommunereformen». Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Regjeringa.no. 24. april 2015. Henta 3. januar 2017. 
  2. 2,0 2,1 Geografi - Stokke kommune, arkivert frå originalen 26. oktober 2013, henta 5. mai 2011 
  3. Godkjenning av våpen og flagg for Stokke kommune, Vestfold.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]