Stol på strengeinstrument
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stol på cello
Ein stol på eit strengeinstrument er ei tynn plate som overfører vibrasjonar frå strengane til resonanskassen.
På fiolinar er stolen lagd av ein hard tresort, ofte bøk, perforert i eit visst mønster. Stolen står med to føter på lokket på resonanskassen, og når ein stemmer instrumentet, kan ein justere plasseringa av stolen.
På akustiske gitarar er stolen ofte laga av hard plast, og han sit fast til resonanskassen.