Stola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stola i fiolet farge - for gravferd, gudstenester i fasta og i adventa

Ein stola er eit farga, 8-12 cm breitt band som prestar i Den norske kyrkja ber over skuldrene slik stolastolpane heng rett ned.

Stolaen (latin orariet) var opphavleg ein duk til å leggje på venstre skulder og som vart bruka for å tørke sveitte med. Då keisar Konstantin gjorde biskopane til embetsmenn rundt 320, vart dei utstyrte med ein keisarleg embetsdrakt der det fine orariet høyrde med. Den opphavlege bruken vart gløymd. Men i ettertid fekk stolaen, som mange andre liturgiske klede, ei ny symbolsk tyding; stolaen skulle minne prestane om at dei skulle vere som den gode hyrdingen som gjev livet sitt for sauane. I dag ser prestane stolaen som eit teikn på at beraren innehar Ordets embete. Ved ordinasjon vert den raude stolaen lagt på skuldrene til presten som vert ordinert.

Stolaen vert brukt i dei fire liturgiske fargane kvitt, grønt, raudt og fiolett. Stolaen skal ha ein kross i nakken, dessutan kan han ha enkle symbol nede ein av eller begge stolpane. Lengda på prestestolaen skal vere slik at stolpane rekker godt nedpå leggen. Tekstilkunstnarar som vil lage stolaer, kan få teiknar vurdert for godkjenning av biskopen.

Det er òg utarbeidd stola for diakonar. Diakonar ber stolaen på skrå. I Den norske kyrkja inngår diakonstolaen ikkje blant dei liturgiske kleda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]