Stolobnyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nilov kloster på Stolbnyj i Seligersjøen. Bilete er teke av Sergej Prokudin-Gorskij i 1910.

Stolobnyj er ei øy i Seligersjøen i Tver oblast i Russland, om lag 10 km nord for byen Ostashkov.

Nilov kloster[endre | endre wikiteksten]

På øya står Nilov kloster, som vart grunnlagd av St. Nilus i 1594 og som tidlegare tok imot 40 000 pilegrimar kvart år. I dag er klosteret eit av dei flottaste nyklassisistiske byggverka i Aust-Europa. Enkelte av kyrkjene ved klosteret er bygd på 1600-talet, vollmurane er frå 1812 og den store katedralen vart bygd i 1821-1825.

Under den andre verdskrigen var klosteret ein NKVD-leir der om lag 7000 polske krigsfangar sat fanga som eit resultat av Molotov-Ribbentrop-pakta. Nesten alle fangane vart avretta i april 1940 i Kalinin (i dag Tver) og så gravlagd i massegraver i Mednoje. Dette vart kjend som Katynmassakren. Av dei drepne var polske offiserar, advokatar, politimenn, lærarar, legar og andre medlemmer av intelligentsiaen.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Benjamin B. Fischer. «The Katyn Controversy: Stalin's Killing Field». «Studies in Intelligence», Vinteren 1999–2000.
  2. Sanford, George. «Katyn And The Soviet Massacre Of 1940: Truth, Justice And Memory». Routledge, 2005.