Stolt henrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stolt henrik er også blitt brukt om åkersvineblom
Stolt henrik

Chenopodium bonus-henricus.JPG

Vitskapleg namn
Blitum bonus-henricus, Chenopodium bonus-henricus
Utbreiing
Område: heile verda
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: amarantfamilien
Slekt: Blitum

Stolt henrik eller stolt-henrik (også kalla stolthenriksmelde og henriksspinat) er ei fleirårig urt i amarantfamilien. Planten har vore brukt til mat i fleire hundre år, men er i dag ofte rekna som ugras.

Botanisk skisse av planten.

Stolt henrik er i dag rekna til planteslekta Blitum, medan han tidlegare var rekna til meldeslekta Chenopodium. Planten blir 20–70 cm høg. Han har spydforma blad medan blomsterstanden er høg, smal og aksforma med lite prangande grøne blomar.

Artsnamnet bonus-henricus tyder 'gode Henrik' og er avleidd av tysk Guter Heinrich som viser til ei godsinna husand og at planten er blitt nytta som dyremedisin. På fransk og engelsk er planten også kjend som 'gode konge Hnerik' (Good King Henry/Harry, Chénopode du bon roi Henri), utan at det er klart kva som er opphavet til dette namnet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein rekner med at stolt henrik stammar frå fjell nord for Middelhavet og mot Kaukasus. Han er blitt dyrka i store delar av Europa der han ofte veks forvilla. Ein finn han også nordaust i Nord-Amerika. I Noreg veks stolt henrik spreidd på Austlandet og nokre stader på Vestlandet. Han er rekna som nær truga i Noreg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Stolt henrik kan brukast som spinatvekst, kokt eller steikt i rettar som supper eller omeletter, eller saman med potet eller bulgurkveite. Ein kan også eta frøa, som på den amerikanske slektningen quinoa. I Nordaust-Italia er han ein del av vår-retten pistic der han blir forvella og så steikt i olje med kvitlauk saman med ei rekkje andre planteslag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stolt henrik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]