Stony Stratford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stony Stratford

High Street
High Street
Plassering
Stony Stratford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Geografi
Koordinatar 52°03′″N 0°51′″WKoordinatar: 52°03′″N 0°51′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK11
Telefon-retningsnummer 01908
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stony Stratford

Stony Stratford (ofte kalla Stony) er ein by i distriktet Milton Keynes i Buckinghamshire i England. Byen ligg ved grensa til Northamptonshire, og har vakse saman med byen Milton Keynes. Han er ein livleg marknadsby, og har halde ein del av det gamle preget sitt sjølv om han har vorte innlema i ein ny storby.

Namnet «Stratford» er av angelsaksisk opphav, og tyder 'vadestad på ein [romersk] veg'. Dette viser til Watling Street, som går gjennom byen og kryssar ei elv like utanfor. Tilnamnet «Stony» viser til steinane på elvebotn ved den gamle vadestaden, og skil byen frå Fenny Stratford, som ligg i nærleiken.

I 1290 vart det reist ein eleanorkross i Stony Stratford etter at båra til Eleanor av Castilla stod der over natta under hennar likferd i 1290. Korsa vart øydelagt under borgarkrigen.

Sidan 1460 har Stony Stratford vore ein marknadsby. Han skal ha vore den siste staden kong Edvard V vart sett i live, og det var der onkelen hans Richard, hertug av Gloucester, henta han og førde han til Tower of London der han vart myrda.

Byen har vorte nesten fullt øydelagt av brann to gonger, i 1736 og 1742. Den einaste bygningen som overlevde den andre brannen var soknekyrja, som er vigd til Maria Magdalena.

Eit vanleg engelsk uttrykk, «cock and bull story» (som tyder 'ei skikkeleg skrøne'), oppstod i Stony Stratford. Dei to pubane i sentrum heiter The Cock og The Bull (Hanen og Oksen), og det vart utveksla dei villaste skrøner mellom dei to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]