Stop av Pink Floyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vera Song av Pink Floyd frå albumet The Wall |
||
| Utgjeve | 30. November 1979 | |
| Innspelt | April-november, 1979 | |
| Sjanger | Kunstrock | |
| Lengd | 0:32 | |
| Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
|---|---|---|
| Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Stop er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
Handling [endre]
Som dei andre songane på albumet omhandlar «Stop» ein del av historia om hovudrolla Pink. Pink er lei av livet sitt som fascistisk diktator og hallusinasjonen sluttar. Han er òg lei av den mentale muren sin, og set seg sjølv opp for retten i hovudet sitt. Songen handlar om at han forstår at alt som førte til bygginga av muren var hans eiga skuld, som ein kan sjå ut frå tekstlinja «Have I been guilty all this time»
I filmutgåva av songen sit Pink i eit avlukke på eit toalett og syng songen a capella utan pianoet som er på albumversjonen.
Songen er berre 30 sekund lang og er den kortaste songen på noko Pink Floyd-album.
Medverkande [endre]
- Roger Waters - vokal
- Bob Ezrin - piano
Kjelde [endre]
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8