Storåsfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Storåsfestivalen er ein musikkfestival som blir arrangert på Storås i Meldal i Sør-Trøndelag. Festivalen blir halden den siste helga i juli.

Storåsfestivalen er sagt å skulla vera ein stad der den trønderske landsbygda møter den urbane kulturen. I tillegg til god musikk, satsar arrangørane òg på å vise fram lokalprodusert mat, ofte av den tradisjonsrike sorten.

Det er tre musikkscener; Huldrascenen, Sagascenen og hovudscenen kalla Solscenen.

Den første festivalen var i 2004. Tilstrauminga av folk var mykje større enn venta på førehand, og teltcampingen måtte utvidast fleire gonger for å få plass til alle. I 2007 hadde festivalen vakse til å bli den nest største i Noreg.

Ei viktig drivkraft bak festivalen er Sveinung Sundli, kjent frå musikkgruppa Gåte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]