Storavan

Koordinatar: 65°44′22.762″N 18°8′28.226″E / 65.73965611°N 18.14117389°E / 65.73965611; 18.14117389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°44′22.762″N 18°8′28.226″E / 65.73965611°N 18.14117389°E / 65.73965611; 18.14117389 Storavan er ein regulert innsjø i Arjeplog kommun i Norrbottens län, i landskapet Lappland i Sverige. Innsjøen renn ut i Skellefteälven. Storavan er den minste av dei tre store innsjøane i vassdraget til Skellefteälven; dei andre to er Uddjaure og Hornavan. Innsjøen har eit areal på 172 km² ved normalt vassnivå, og ligg 419 meter over havet. Største djupne er 21 meter.

Før siste istid hadde innsjøen truleg utløpet sitt ved den djupe Avavika, og rann vidare til Bottenvika via Byskeälven. Det noverande elveutløpet er ein kort veg ned til innsjøen Naustajaure som vert kalla Bergnäsälven. Fossen i Bergnäsälven er ein populær stad for fritidsfiskarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]