Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om landet. For øya, sjå øya Storbritannia.
United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland (engelsk)¹

(norsk: Storbritannia, britisk)

Det britiske flagget Det britiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God Save the Queen»
Motto Dieu et mon droit (fransk: Gud og min rett)
Geografisk plassering av Storbritannia
Offisielle språk Ingen. I praksis engelsk, men òg skotsk gælisk og walisisk i høvesvis Skottland og Wales
Hovudstad London
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Dronning Elizabeth II
David Cameron
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
243 610 km² (79.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
63 047 162 (22.)
58 789 194
258,8 /km² (33.)
Oppretta
Acts of Union
Act of Union

1701
1801
Nasjonaldag Andre laurdag i juni (fødselsdagen til dronninga er 16. juni)
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
2 189 000 mill. USD (8.)
35 100 USD (27.)
Valuta Britisk pund
Tidssone UTC
Telefonkode +44
Toppnivådomene .uk

¹I Storbritannia og dei tilhøyrande områda er fleire språk brukt som lokale språk. Det offisielle namnet på landet er på desse:
An Rywvaneth Unys a Vreten Veur hag Iwerdhon Glédh (kornisk)
Teyrnas Unedig Prydain Fawr a Gogledd Iwerddon (walisisk)
An Rìoghachd Aonaichte na Breatainn Mhòr agus Eirinn mu Thuath (skotsk gælisk)
Ríocht Aontaithe na Breataine Móire agus Thuaisceart Éireann (irsk)
Unitit Kinrick o Great Breetain an Northren Ireland (skotsk)

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland eller berre Storbritannia (engelsk: United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland eller United Kingdom) er eit konstitusjonelt monarki som omfattar England, Skottland, Wales og Nord-Irland. På engelsk er namnet United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland, oftast korta til UK. Øya Storbritannia utgjer størstedelen av Dei britiske øyane, som ligg utanfor den nordvestre kysten av det europeiske kontinentet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, på engelsk United Kingdom of Great Britain and Ireland vart skipa den 1. januar 1801. På 1800-talet var Storbritannia den dominerande handels- og sjømakta i verda med eit imperium som strekte seg over ein tredel av jordkloten. Mellom anna var India, Canada, Australia og store delar av Aust-Afrika lagt under den britiske krona. Som fylgje av dette er den britiske monarken framleis statsoverhovud i mange tidlegare koloniar. Republikken Irland gjekk ut av det sameinte kongeriket, og namnet på riket vart i 1927 endra til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia er eit monarki med parlamentarisk styresett. Grunnlova er delvis uskriven. Statsoverhovud, og i teorien den endelege kjelda for statsmakt, er den britiske monarken. I røynda er monarken i hovudsak ein seremoniell institusjon. Formelt er det monarken gjennom parlamentet (Crown-in-Parliament) som er den suverene makta i staten. I siste instans ligg den lovgjevande, utøvande og dømande makta her.

Storbritannia har vore regjert av tyske fyrstar og fyrstehuset Hannover sidan 1714. Då arva kurfyrsten av Hannover Georg Ludwig trona. Dronning Victoria av Storbritannia var den siste av fyrstehuset Hannover på den britiske trona. Trona gjekk over til slekta til hennar mann. Han var ein del av Sachsen sitt kongehus Wettin (eller fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha). I 1917 vart namnet på den engelske delen av fyrstehuset endra til fyrstehuset Windsor. Etter dronning Elizabeth II vil trona gå over til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Fyrstehuset regjerer Danmark og Noreg, og var tidlegare fyrstehus i Hellas. Mannen til dronning Elizabeth, Prins Philip, hertug av Edinburgh, var før han gifta seg prins av Hellas og Danmark.

Koloniar[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ein er aldri langt i frå havet i Storbritannia og dette påverkar i stor grad klimaet. Klimaet er maritimt og fuktig, og det kan regne forholdsvis ofte, men sjeldan lenge om gongen. Enkelte område sentralt i England har i snitt berre ein time med regn om dagen. Lågtrykka i Atlanterhavet streifar ofte innom Irland og Skottland på veg austover, så desse områda er ein god del våtare og meir vindfull enn England. Wales og Lake District får òg meir nedbør enn søraustlege delar av England. Regn som varer fleire dagar kan i somme tilfelle føre til flaum i elvane, men ein kan òg ha meir enn ei veke utan regn i somme tilfelle.

Det regnar mindre og er meir sol om sommaren, og mest sol finn ein gjerne langs kysten. Skyene dannar seg gjerne litt innanfor kysten om dagen, og sig ut mot kysten om natta. Torevêr er ikkje uvanleg om sommaren, og desse kan i somme tilfelle gje hagl og til og med svake tornadoar. Storbritannia er faktisk det landet i verda som har flest tornadoar og skypumper per areal, men dei fleste av desse er av det svakaste slaget. Eit par gonger i løpet av sommaren pleier vanlegvis høgtrykk å parkere over Storbritannia. Det kan gje ei veke og to med svært fint og varmt vêr. Skottland er vanlegvis eit par grader kaldare enn England, og i Dei skotske høglanda vert ein dag med 20 °C rekna som ein varm dag. Shetland og dei ytre Hebridane har enno kjøligare forhold og ofte ein god del vind, om vinteren opp mot orkan styrke i tillegg til ein god del skyer og regn.

Hausten og vinteren er som regel skya i Storbritannia. I desember 1890 hadde faktisk ikkje London eit einaste glimt av sola. Dei vestlege og nordlege områda av øya er utsett for kraftig vind i vinterhalvåret. Vinteren vert derimot sjeldan kald på Dei britiske øyane. Varmast om vinteren er det faktisk på nordaustkysten som kan få temperaturar godt over 10 °C, og i somme fønvindlikninande situasjonar kan temperaturen kome opp i 15 °C midtvinters.

Dei vestlege områda av Cornwall og Pembroke har så godt som aldri snø om vinteren. Dei høgareliggande områda av Wales og Penninane kan derimot ha om lag 40 snødagar i løpet av eit år, medan Grampianfjella har over 70. Snøen kan ligge på dei høgaste toppane til langt ut på våren. Fjellet Ben MacDhui i Skottland hadde tidlegare snø året rundt, men denne smelta i september 1933. Enkelte år kan fjellet likevel ha snø året rundt. Kulde er mest vanleg i februar og mars, då lågtrykka i Atlanterhavet vert svakare. Om våren byrjar nedbøren å minke igjen, og i mai har temperaturane alt byrja å nærme seg sommarlege nivå.

Belfast i Nord-Irland er eit av dei våtaste områda i Storbritannia med ein årleg nedbørsnormal på 846 mm, men vest- og nordkysten av Skottland har meir enn 1000 mm. London har ein årleg nedbørsnormal på 593 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Storbritannia