Stord kommune
| Stord kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1221 |
| Fylke | Hordaland |
| Adm.senter | Leirvik |
| Areal | 144 km² |
| Folkemengd | 17 986 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Liv Kari Eskeland (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.stord.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Stord kommune på Commons | |
Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Namnet Stord kjem frå norrønt og tyder den høgreiste. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 11 000 innbyggjarar. Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 4 000 innbyggjarar. Totalt er det 18000 innbyggjarar i Stord Kommune. Industriverksemdene Aker Stord, Aker Elektro og Apply Leirvik sysselset rundt 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.
Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er ein koalisjon mellom Høgre, Kristeleg folkeparti, Venstre, Senterpartiet og Demokratane. Liv Kari Eskeland frå Høgre er ordførar.
Stord Sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskulen Stord Haugesund ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag for menn spelar i eliteserien, Stord Sumoklubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Kommunen ligg på øya Stord, der byen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Stord omfattar eit 144 km² stort areal på dei busette øyane Stord (127 km²), Huglo (13,9 km²) og Føyno (1,3 km²). I tillegg kjem fleire mindre øyar og holmar. Over sund og fjordar kjem ein i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo.
Nordaust i kommunen er det fleire høge fjell. Den høgaste toppen er Mehammarsåto på 749 moh.[2], medan den mest kjende er Kattnakken, som ligg 734 moh. Her ligg det ein TV-sendar og det går bilveg heilt til topps.
Sør og aust er det lågland med mykje god dyrkingsjord. Her ligg det meste av busetnad, industri og jordbruksareal. Tettstaden Leirvik strekkjer seg frå Rommetveit i aust til Skjersholmane og Heiane i sør.
Trekantsambandet med bruer og undersjøisk tunnel gjev samband sørover til Sveio på fastlandet og til øykommunen Bømlo. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Det finst ferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik og Sunde i Kvinnherad, og frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes og Huglo. Frå Stord Lufthamn Sørstokken går det dagleg rutefly til Oslo. Leirvik er eit viktig regionssentrum i Sunnhordland, og er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i området, med snøggbåtkai og busstasjon.
Historie [endre]
Stord kommune vart oppretta i 1838, som følgje av formannskapslovene av 1837. Fitjar vart skilt ut som eigen kommune i 1860, og Valestrand i 1868.
Næringsliv [endre]
Viktigaste næring på Stord er leverandørindustrien innan Olje og Gass. Industriverksemdene Aker Stord, Aker Elektro og Apply Leirvik har rundt 3000 fast tilsette. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien. Store delar av installasjonane, inkludert dei aller største, i Nordsjøen er bygde og samanstilte av Aker Stord. Aker Stord har levert plattformer og andre installasjonar sidan slutten av 70-talet.
Aviser [endre]
Avisa Sunnhordland kjem ut på Stord. I 2008 starta nettavisa Innsida.no ei vekeavis på papir, som første nettavis i Noreg.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Stord kommune frå 1920:
| 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 3990 | 4057 | 5030 | 5583 | 7766 | 10607 | 13007 | 14684 | 16241 | 17565 |
Kjende personar frå Stord [endre]
- Bård Haugland, første bonde på stortinget
- Olav Akselsen, sjøfartsdirektør, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd
- Kjell Storelid, skeiselaupar
- Håvard Tvedten, handballspelar
- Christian Brink, fotballspelar
- Øyvind Angeltveit, komikar og medlem av Lompelandslaget
- Arve Isdal, gitarist i metallbandet Enslaved
- Rune Belsvik, forfattar
- Per Olav Kaldestad, forfattar
- Atle Hansen, forfattar, komponist og journalist
- Selma Lønning Aarø, forfattar
- Per Ståle Lønning, journalist og programleiar
- Dag Jørund Lønning, bygdeforskar og høgskulerektor
- Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, tidlegare ordførar
- Ivar Eskeland, forfattar, omsetjar, litteraturkritikar og kåsør
- Christine Hope, komikar og skodespelar
Skular på Stord [endre]
Barneskular [endre]
- Hystad skule
- Leirvik skule
- Langeland skule
- Litlabø skule
- Rommetveit skule
- Huglo skule
- Sagvåg skule
- Tjødnalio skule
Ungdomsskular [endre]
Vidaregåande skular [endre]
Høgskular [endre]
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ World Wide Vikings
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengde i Stord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Relevante nettstader [endre]
| Kommunar i Hordaland | ||
|---|---|---|
| Askøy · Austevoll · Austrheim · Bergen · Bømlo · Eidfjord · Etne · Fedje · Fitjar · Fjell · Fusa · Granvin · Jondal · Kvam · Kvinnherad · Lindås · Masfjorden · Meland · Modalen · Odda · Os · Osterøy · Radøy · Samnanger · Stord · Sund · Sveio · Tysnes · Ullensvang · Ulvik · Vaksdal · Voss · Øygarden | ||