Stordal gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stordal gamle kyrkje
Stordal gamle kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Sokn I privat eige (Fortidsminneforeninga)
Type åttekantkyrkje, sentralkyrkje
Arkitekt sokneprest Ebbe Carsten Tønder
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1789
 - Endringar 1862 (større vindauge)
Tårn Klokketårn over skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Jesus på krossen
Sitjeplassar ?
Diverse Rosemåling av Andreas Reinholt og Webjørn Halling (Vebjørn Olsen Hamarsbøen), krusifiks frå 1200-talet
Kart
Stordal gamle kyrkje
62°23′02″N 7°00′52″E / 62.38397°N 7.01434°E / 62.38397; 7.01434
Wikimedia Commons: Stordal gamle kyrkje

Stordal gamle kyrkje eller Rosekyrkja er ei åttekanta kyrkje i frå 1789 i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Rosekyrkja var i bruk som soknekyrkje til 1907 då den nye Stordal kyrkje vart innvigd. Den sju år eldre Norddal kyrkje skal vere den første åttekanta kyrkja på Sunnmøre. Sokneprest Ebbe Carsten Tønder (frå 1759 til sin død 1785) teikna Stordal gamle kyrkje og døydde fire år før kyrkja vart bygd, og ho må ha vore planlagt om lag samstundes med Norddal kyrkje. Tønder var frå Trondheim og kan blitt inspirert av dei to åttekantkyrkjene der.[1]

Fortidsminneforeningen eig kyrkja som ligg i eit lite bygdetun.[2] Prestestova som ligg like ved kyrkja har fungert som varmestove for dåpsbarn og kyrkjelyd, og til konfirmantundervisning og som overnattingsstad og skifterom for presten som ofte budde i ein annan del av prestegjeldet.

Rosemåling[endre | endre wikiteksten]

Namnet Rosekyrkja kjem av dei mange og særmerkte rosemålingane som dekker vegger og tak innvendig. Andreas Reinholt og Webjørn Halling (også kalla Vebjørn Olsen Hamarsbøen) utførte dekorasjonsarbeidet i 1799.[3] Hamarsbøen måla også interiøret i gamlekyrkja i Volda og andre kyrkjer på Vestlandet. Kyrkja er ei av dei mest dekorerte i Noreg. Rosemålinga er i renessansestil frå 1700-talet, med tema over ranker og drueklasar, snirklar og roser i solgul og himmelblå farge. Ein del av bileta har blitt karakterisert som enkel og naiv stil.[4] Til dekormålinga er det brukt limfarge. Langs veggane er motiv av bibelske personar og hendingar. Dei fem gode og fem dårlege jomfruer er framstilt på nordre langside noko som tradisjonelt var den sida kvinnene sat på. Langveggen mot sør er dekorert med apostlane, dette var tradisjonelt den siden mennene sat. Evangelistane er plassert over altertavla, Davids kamp mot Goliat er også framstilt.

Rosemålinga er ein forseinka utløpar av barokken, ifølgje Tybring, den gir med sin «brokete stilblanding et gripende uttrykk for den fromhetsfølelse som gir seg de dristigste utslag hos våre bondemalere.»[5]

Tidlegare kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Før 1789 stod ei anna kyrkje på staden. I Aslak Bolts jordebok frå 1432 er Stordal-kyrkja nemnt for første gong. Kyrkja er også nemnt i Trondhjems Reformats 1589. Den tidlegare kyrkja var ei stavkyrkje i følgje Hans Strøm som i 1766 skriv: «Kirken er nu omstunder en liden og uanseelig Stav-Kirke, som slet ingen Mærkværdigheder har, og eier kun ringe Jordegods bestaande af 2 Voge og 18 Mark Fisk. Dens Vedligeholdelse besørges af Sognemændene, som selv eier Kirken.»[6] Den tidlegare kyrkja var i privat eige og i 1775 kjøpte bøndene (kyrkjelyden) kyrkja, og bygde sjølv ny kyrkje som var ferdig i 1789.[7] Sokneprest Ebbe Carsten Tønder (1726-1785)[8] ivra for ny kyrkje og laga sjølv planane for bygget,[9] men døydde for det stod ferdig. Eit krusifiks og døypefonten frå den eldre kyrkja er teke var på. Treverk frå stavkyrkja vart truleg nytta om att, mellom anna taket i våpenhuset og dei fire store pilarane. Stavkyrkja var truleg også rosemåla innvendig.[10]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. mars 2014, henta 14. januar 2012 
  3. Storfjordnytt 28.mai 2009 http://www.storfjordnytt.no/nyhende09/21_rosekyrkja.html
  4. Storfjordnytt 16. juni 2003.
  5. Tybring, Fred. (1953): Den norske kirke og kunsten gjennom seklene. En oversikt og en vurdering. Oslo: Gyldendal.
  6. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.220.
  7. «Rosekyrkja» fuv.hivolda (Web Archive) Vitja 14. januar 2012
  8. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.258.
  9. «Rosekyrkja» fuv.hivolda.no (web.archive.org), arkivert frå originalen 21. mars 2005, henta 21. mars 2005 
  10. Storfjordnytt 16. juli 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]