Store Lungegårdsvannet
Store Lungegårdsvannet er ein våg i Bergen kommune i Hordaland. Store Lungegårdsvannet ligg i overgangssona mellom Bergen sentrum og bydelane i sør. Vågen var opphavleg ein arm av Puddefjorden, og blir i daglegdags tale gjerne kalla Storlungeren. Namnet kjem av Lungegården (som i mellomalderen hadde namnet Alrekstadvågen etter kongsgarden Ålrekstad).
Historie [endre]
På 1930-talet var Store Lungegårdsvannet eit attraktivt rekreasjons-område med båthamner og strand-bredder der byfolk heldt seg på fine dagar. Frå 1950-talet vart vatnet sett på som ein ressurs for byen for å dekke akutte arealbehov innan trafikk og godstransport. Som ei følgje av dette har austre bredda lenge vore ein «bakgard» prega av tilfeldige og gjentatte utfyllingar, og med ei utilgjengeleg og lite attraktiv strandsone. Gamle Nygård bru går over Store Lungegårdsvannet, og er ei vippebru som sleppte dampbåten frå Lille Lungegårdsvannet ut til Laksevåg.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Store Lungegårdsvannet» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2008.