Store St. Bernhard-passet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Store St. Bernhard-passet
Hospitset på Store St. Bernhard

Hospitset på Store St. Bernhard

Nord Sør
Passhøgd 2'469 m ü. M.
Region Kanton Valais i Sveits Region Aostadalen, Italia
Vasskilje Dranse d’Entremont → DranseRhône Dora BalteaPo
Stader Sembrancher Aosta
Samband Passveg Strada Statale 27 Italia.svg Strada Statale 27 del Gran San Bernardo
Bygd 1905
Vinterstengt oktober–mai
Fjellområde Wallis-Alpane
Profil
Klatrekategori HC HC
Stigning (snitt) 5,9 %x (1 752 m / 32 km) 6,2 %x (1 878 m / 24,4 km)
Kart
Store St. Bernhard-passet (Alpen)
Store St. Bernhard-passet
x
Koordinatar 579288 / 79855Koordinatar: 45° 52′ 12″ N, 7° 10′ 19″ A; CH1903: 579288 / 79855

Store St. Bernhard-passet (it. Colle del Gran San Bernardo, fr. Col du Grand Saint-Bernard) er eit 2 469 moh høgt fjellpass i Wallis-Alpane som knyter saman Rhônedalen i den sveitsiske kantonen Valais med Aostadalen og vidare den italienske regionen Piemonte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Passet var ein av dei viktigaste fjellovergangane allereie romartida, og på passhøgda stod det eit tempel vigd guden Poeninus. Ein køyrbar veg stod ferdig i 1905, men strekninga var lenge berre farbar om sommaren. Heilårsvegen kom i 1964 då den 5,85 km lange Store St. Bernhard-tunnellen, som går under passhøgda, blei innvigd.

Hospitset på Store St. Berhard blei grunnlagt av Bernhard von Aosta i 1050. Passet er oppkalla etter han. I miljøet her blei det ala opp ein eigen rase redningshundar, St. bernhardshund, som er spesialist på søk etter lavineoffer. Den meste kjende av desse hundane er Barry som skal ha redda over 40 menneskeliv.

14. mai 1800 gjekk Napoléon Bonaparte over St. Bernhardspasset på krigstoktet mot Italia.

Tour de France passerte St. Bernhard i 1979 og 2009. Strekninga er klassifisert som Hors Catégorie (HC), den høgste for franske sykkelritt. Syklistane må forsere ei stigning som er 24,4 km lang og som i snitt lutar 6,2 %.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Store St. Bernhard