Styggedalstindane

Koordinatar: 61°27′52″N 7°54′5″E / 61.46444°N 7.90139°E / 61.46444; 7.90139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Store Styggedalstinden)
Styggedalstindane
fjell
Styggedalstind til høgre. Jervvasstind til venstre. Sett frå Fannaråki.
Land  Noreg
Område Luster (Vestland)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 387 moh.
Primærfaktor 155 m
Førstestiging 6. august 1883 av Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen
Koordinatar 61°27′52″N 7°54′5″E / 61.46444°N 7.90139°E / 61.46444; 7.90139
Kart
Styggedalstindane
61°27′52″N 7°54′05″E / 61.46444444°N 7.90138889°E / 61.46444444; 7.90138889

Styggedalstindane (2387 moh.), også kalla Styggedalstindene, inneheld det fjerde høgaste fjellet i Noreg, Store Styggedalstind. Det er ein fjellrygg som utgjer ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen i fjellområdet Hurrungane sørvest i Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Vestland.

Ryggen, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er rundt 800 meter lang og går i aust-vestleg retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg rundt 300 m fra hverandre.

Styggedalstinden (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig er kvalifisert til å kallast det femte høgaste fjellet i Noreg, er han normalt ikkje med i lister over dei høgaste fjella ettersom han har ein primærfaktor på berre 25 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]