Store Zab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°59′28″N 43°20′37″E
Store Zab
arabisk الزاب الكبير (al-Zāb al-Akbar), tyrkisk Zap, kurdisk Zêy Badînan, gammalsyrisk ܙܒܐ ܥܠܝܐ zāba ʻalya, mellomaldergresk: μέγας Ζβαω, gammalgresk: Λκοω, akkadisk Zabu ēlū[1]
elv
none  Store Zab
Store Zab
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Iraq.svg Irak
Tilløp
 - venstre Rubar-i-Shin, Rukuchuk, Rubar-i-Ruwandiz, Rubat Mawaran, Bastura Chai
 - høgre Khazir
Byar Amadiya, Barzan
Kjelde
 - stad Taurusfjella, Tyrkia
 - høgd 3 000 moh
Munning
 - stad Tigris, Irak
 - koordinatar 35°59′28″N 43°20′37″E
Lengd 400 km
Nedslagsfelt 40 300 km²
Vassføring
 - middel 808 /s
 - maks 1 320 /s
Kart på fransk som syner løpet til Store Zab (Grand Zab) i Irak and plasseringa av Bekhmedemninga (Barrage de Bekhme)
Kart på fransk som syner løpet til Store Zab (Grand Zab) i Irak and plasseringa av Bekhmedemninga (Barrage de Bekhme)

Store Zab eller Øvre Zab (arabisk الزاب الكبير (al-Zāb al-Akbar), tyrkisk Zap, kurdisk Zêy Badînan, gammalsyrisk ܙܒܐ ܥܠܝܐ (zāba ʻalya)) er ei om lag 400 km lang elv som renn gjennom Tyrkia og Irak. Ho spring ut i Tyrkia nær Vansjøen og munnar ut i Tigris i Irak sør for Mosul. Nedslagsfeltet hennar er kring 40 300 km² og ho har mange sideelvar som tilfører vatn til elva. Elva får hovudsakleg vatn gjennom regn og snøsmelting, så vassføringa varierer stort gjennom året. Det er planlagt minst seks demningar i Store Zab og sideelvane hennar, men berre bygginga av ei er starta så langt, Bekhmedemninga. Bygginga vart stoppa etter Golfkrigen.

Zagrosfjella har vore busett sidan minst tidleg steinalder og ein har funne spor etter neandertalske busetnader ved Store Zab ved Shanidargrotta. Ein har historiske skrifter frå regionen frå slutten av 2000-talet fvt. og frametter. I den ny-assyriske perioden gav Store Zab vatn for landområda kring hovudstaden Nimrud. Slaget ved Zab – som enda Umayyad-kalifatet – fann stad nær ei sideelv til Store Zab, og dalane til elva verna flyktningar frå den mongolske erobringa av Irak. På 1800- og 1900-talet var det ofte opprør hos dei lokale kurdarane som ønskte sjølvstyre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bosworth 2010