Store krigsøya

Koordinatar: 44°50′N 20°26′E / 44.833°N 20.433°E / 44.833; 20.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

44°50′N 20°26′E / 44.833°N 20.433°E / 44.833; 20.433

Store krigsøya
øy
Land  Serbia
Areal 2,11 km²
Folketal 0
Kart
Store krigsøya
44°50′00″N 20°26′00″E / 44.833333333333°N 20.433333333333°E / 44.833333333333; 20.433333333333
Wikimedia Commons: Great War Island
Satellittbilete av Store krigsøya

Store krigsøya eller Veliko ratno ostrvo (serbisk Велико ратно острво) er ei elveøy (ada) i Serbia der elva Sava munnar ut i Donau. Ho er ikkje busett, men er rekna som ein del av Beograd, hovudstaden i Serbia.

Øya ligg relativt nær breidda, på det næraste om lag 200 meter frå land. Sør for øya ligg restane av den tidlegare større Vesle krigsøya.

Geografi og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Store krigsøya er hovudsakleg forma som ein trekant og dekkjer eit område på 2,11 km². Ho er låg, myrlendt og ofte overflauma av Donau. På øya er bygd ein kanal, Veliki Galijaš, som etter kvart har vorte fylt att i endane av Donau og omgjort til ein 0,24 km² stor innsjø, som vert nytta som hekkeplass av fuglar i området. I langvarige, tørre periodar tørkar innsjøen heilt inn og skapar problem for det lukka økosystemet rundt innsjøen. I dag er 2/3 av øya eint naturreservat for 196[1] fugleartar, mange av dei utryddingstruga. Ei av strendene i Beograd, Lido, ligg nord på øya.

Stundom vert det fjerna avleiringar frå nordenden av øya, slik at øya ikkje vert landfast.[2]

Av planter på øya finn ein typisk myrfauna, som siv og sverdliljer, men òg tre som svartpoppel, ask, hyllebær, hagtorn og eitt og anna bartre.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya har vore militært viktig gjennom historia som eit strategisk punkt for erobring eller forsvaring av Beograd. I 1521 var til dømes Beograd omleira av tyrkiske styrkar, og dei fleste åtaka mot byen starta frå øya. I frigjevinga av Beograd i 1806 nytta opprørsarmeen òg øya, denne gongen med serbisk artilleri som bombarderte festninga Kalemegdan. Under offensiven til Austerrike-Ungarn mot Beograd i 1915, starta dei austerriksk-ungarske styrkane åtaka sine frå øya.

Då ein starta å byggje Novi Beograd i 1948 avgjorde styresmaktene at øya skulle øydeleggjast ved å ta sand og jord frå her til å dekkje over myrene i Srem, der ein ny by skulle byggjast. Donau førte derimot med seg så mykje avleiringar at øya aldri forsvann. I staden for nytta ein sand og jord frå Vesle krigsøya, som nesten vart øydelagd i prosessen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lj. P. (2008). «Besplatni izleti na Veliko ratno ostrvo». Politika (på serbisk): 23. 
  2. Lj. Perović, V.Vukasović (2008). «Logor, bašta, rezervat prirode». Politika (på serbisk): 19. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]