Storetveit kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storetveit kyrkje
Storetveit kirke.jpg

Storetveit (8. juni 2007) Tor-Egil Farestveit

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Fana
Sokn:  Storetveit
Innvigd:  30. november 1930
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Periode: Nygotikk
Arkitekt:  Ole Landmark
Materiale:  Stein
Klokker:  Éi frå O. Olsen & Sønn klokkestøperi, Nauen, Tønsberg, 1929. Dei to andre umerka
Kyrkjerommet
Altartavle:  Krusifiks av krossfestinga. Wilhelm Rasmussen.
Orgel:  VEB Jehmlich Orgelbau, Dresden
Plassar:  600

Storetveit kyrkje er ei langkyrkje frå 1930 som ligg på Storetveit i Fana bydel i Bergen. Kyrkja er soknekyrkje for Storetveit kyrkjelyd i Fana prosti. [1]

Tomta vart gjeven til kyrkja av eigaren av Storetveit gard, Wilhelm Mohr sr.. Byggjeprosessen vart finansiert av Odfjell-familien, og etter å ha vunne ei arkitekttevling om utforming av kyrkjebygget, vart arkitekten Ole Landmark. Kyrkja er i nygotisk stil, kledd i gråstein og kleberstein utvendig og tegelstein innvendig. [2] Kyrkja er dekorert med fire store biletteppe, og inventaret er dels frå 1881, dels frå 1931.

Storetveit kyrkje vart vigsla den 30. november 1930 og Ole Landmark fekk Houens fonds diplom for kyrkja i 1932.

Eit tre i bløming framfor kyrkja.
Foto: Sven Harkestad, 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]