Storfregattfugl
| Storfregattfugl | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Suliformes | |
| Familie: | Fregatidae | |
| Slekt: | Fregata | |
| Art: | F. minor | |
| Vitskapleg namn | ||
| Fregata minor | ||
| Storfregattfugl | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Större fregattfågel |
| Dansk | Stor fregatfugl |
| Engelsk | Great Frigatebird |
| Tysk | Bindenfregattvogel |
| Fransk | Frégate du Pacifique |
| Russisk | Bolsjoj fregat (Большой фрегат) |
Storfregattfugl (Fregata minor) er ein vidt spreidd sjøfugl i fregattfuglfamilien. Store hekkekoloniar av denne arten finst i Stillehavet inkludert Galapagosøyane og Det indiske havet, samt ein populasjon i Sør-Atlanteren.
Storfregattfugl er ein lettbygd, stor fugl, opptil 105 cm lang, og med overvegande svart fjørdrakt. Arten viser kjønnsdimorfisme; hoer er større enn vaksne hannar og har kvitfarga hals og bryst, og skulderfjøra hos hannen har ein lillagrøn glans. I hekkesesongen vil hannen blåse opp ein raud strupesekk. Arten lever av fisk som dei tar i flukt frå havoverflata, oftast flygefisk, og medmerkar i kleptoparasittisme, men sjeldnare enn andre fregattfuglar. Dei finn føda i pelagiske farvatn innanfor 80 km frå hekkekolonien eller kvileområde.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Great Frigatebird frå Engelsk Wikipedia .