Storklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storklokke


Campanula aa.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Campanulaceae
Slekt: Campanula
Art: C. latifolia
Vitskapleg namn
Campanula latifolia

Storklokke er ei blomsterplante i klokkeslekta i klokkefamilien. Planta vert kring 8 dm høg, ofte meterhøg. Stengel og blad oftast snaue. Blomstrane først opprette, men heng litt til slutt. Begerflikane sprikjer utover. Fiolett, bleikblå eller kvit krone, fire-fem cm lang. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Veks i Noreg nord til Ofoten, og blomstrar kring juli månad på våte stader i skog og lier. Funnen opp til 700 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]