Storlom
| Storlom | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Gaviiformes | |
| Familie: | Gaviidae | |
| Slekt: | Gavia | |
| Vitskapleg namn | ||
| Gavia arctica | ||
Storlommen (Gavia arctica) er ein av lomartane me har i Noreg, og er mellom 63 og 75 cm. lang. Hovud og nakke er grå. Halsen svart og kvitstripa med svart strupeflekk. På undersida er fuglen kvit. Oversida er svart med kvitflekka felt. I vinterdrakt er storlommen mørk med kvit hals og underside. Ungfuglen liknar på vaksne i vinterdrakt. Han et fisk, krepsdyr, muslingar, innsektlarvar og liknande. Han er ein utmerka symjar.
Storlomen er å finne i den nordlege barskogregionen og på tundraen. I Noreg hekkar han spreidd over mykje av landet. Vil helst ha store fiskerike vatn. Reiret vert lagt like ved vasskanten. Hoa legg oftast 2 egg som er brune med mørke flekkar.. Dei kan vere opp til 90 mm. lange. Båe fuglane rugar i om lag 4 veker. Ungane forlet reiret etter få timar. Dei kan flyge etter om lag 8 veker.
Arten er lista på norsk raudliste i kategorien sårbar (VU - same kategori som oter og snøugle). Dette mykje på grunn av vassdragsregulering, garnfiske, jakt, ufred i hekketida og forsuring med fiskedød.
Fuglar som hekkar i Sør-Noreg overvintrar truleg på kysten av Vest-Europa. Storlom frå Nord-Noreg trekker lenger aust, til Svartehavet og Kaspihavet. Nokre få overvintrar langs Norskekysten.
Kjelder [endre]
- Norsk Raudliste 2006, 8MB
- Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 82-90054-65-3
- Norges dyr. Bind VI. J.W.Cappelens forlag 1972