StormGeo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

StormGeo, tidlegare Storm Weather Center og ofte berre kalla Storm, er eit privat vêrselskap med hovudkontor i Bergen og blei starta opp av Siri Kalvig i 1998. Storm leverte sitt første vêrvarsel til TV 2 1. april 1998, og var det første private vêrselskapet i Skandinavia. Selskapet har vore i rask vekst, og er i dag det største private vêrselskapet i Europa, og eit av dei større i verda. Storm har i dag kring 320 tilsette.

I 2009 vart òg Storm Weather Center AB oppretta som eit eige selskap i Sverige med kontor i Stockholm og Storm Geo Ltd. i Storbritannia med kontor i Aberdeen. Alle desse er samla inn under StormGeo Group. Storm Weather Center endra namn til StormGeo i februar 2010 for å syne til at selskapet opererer innan geofysikk, som omfattar både meteorologi og oseanografi.

Storm har i dag kontor i Bergen, Oslo, Stavanger, København, Hamburg, Aberdeen, Houston, Baku, Dubai og Rio de Janeiro.

Historie[endre | endre wikiteksten]

StormGeo vart starta opp i 1997 av meteorolog og vêrpresentatør Siri Kalvig i samarbeid med TV 2 som Storm Weather Center og offisielt vert selskapet rekna som oppretta 1. april 1998 då dei første vêrvarsla vart leverte til TV 2 og VG. Energimarknaden vart raskt eit fokusområde for Storm, og det vart levert vêrvarsel for vasskraftindustrien, som nytta varsla i samband med kjøp og sal av energi, same året. Seinare same året vart òg dei første varsla leverte til dei første kundane innan olje- og gassmarknaden. Så heilt frå starten av hadde selskapet både media, energi og offshore som fokusområde.

I 2008 kjøpte Idèkapital AS opp 42,5 % av eigarandelane i StormGeo og gjekk inn i eit strategisk partnarskap med TV 2 for å fokusere på internasjonalisering av selskapet. I løpet av dei neste tre åra oprpetta StormGeo kontor i Danmark, Sverige, Storbritannia og USA, og i 2010 kjøpte StormGeo svenske Seaware AB, ein leiande aktør på å levere rutevêrvarsel for skipsfartsindustrien. Våren 2011 kjøpte Reiten & Co Capital Partners 67,7 % av StormGeo. Mot slutten av 2011 kjøpte StormGeo vêrvarslingsselskapet Met Consultancy FZ LLC, basert i Dubai, for å utvide operasjonane sine til Midtausten, og tidleg i 2012 vart det oppretta kontor i Hamburg og Rio de Janeiro.

Våren 2012 gjekk Det Norske Veritas inn i eit strategisk partnarskap med StormGeo, og seinare på året gjekk Storm for alvor inn i den amerikanske meteorlogimarknaden med å kjøpe ImpactWeather, Inc., som er basert i Houston og leverer vêrvarsel både offshore og til lands.

I januar 2014 kjøpte selskapet den amerikanske vêrtenesta Applied Weather Technology (AWT), som driv med varsling for shippingindustrien.[1]

Vêrtenester[endre | endre wikiteksten]

Storm leverer vêret for ei rekkje forskjellige bransjar, primært retta mot offshoreindustrien, energimarknaden og media.

Offshore[endre | endre wikiteksten]

Innan offshoreindustrien er vêret svært viktig, og ofte står det millionar av kroner på spel når ein borerigg må «liggje å vente på vêret». Her er det i hovudsak vind og bølgjer, som er det viktigaste, men òg andre faktorar som sikt, nedbør og temperatur kan spele ei rolle. Forskjellig grad av vind og bølgjer er avgjerande for kortid ein må stoppe heisekranane på boreriggane, kortid tankbåtane kan kople til fortøyingane eller må kople frå, eller kortid produksjonen rett og slett må stoppast. I alle norske havområde kan bølgjene verte høge nok til at heile plattformer må kople frå boreutstyret og stoppe produksjonen eller at plattformene og riggane må nedbemannast på grunn av tryggleiksforhold. Stundom må offshoreaktørane utføre operasjonar som stiller særleg strenge krav til vêret, hovudsakleg at bølgjer og vind må vere under visse grenser over ein tidsperiode for at ein kan utføre visse oppgåver. Dette kan t.d. vere å flytte og setje på plass ein borerigg. Sidan vêret i norske havområde kan vere særs ustabilt, særleg i vinterhalvåret, stiller dette høge krav til varsla.

Temperaturen er kanskje aller viktigast i Barentshavet, der låge temperaturar kan føre til problem med ising. Tåke og tett nedbør kan til dømes hindre helikopter i å frakte mannskap til og frå boreriggane.

Storm leverer per i dag vêrvarsel til dei fleste offshoreaktørar på norsk sektor frå Nordsjøen til Barentshavet. Desse er mellom anna Statoil, BP, ENI, Marathon, Total og ExxonMobil. I tillegg er Shell kunde for heile britisk og nederlandsk sektor.

I tillegg leverer Storm varsel for vindmølleparkar til havs, har ein eigen oljedriftmodell som nyttast til å varsle kvar olja etter eit oljeutslepp vil ta vegen, og held observasjonskurs i meteorologi for offshorenæringa.

Shipping[endre | endre wikiteksten]

Varsling for shippingindustrien består i rutevarsel for skip, der kvart varsel er tilpassa kvart enkelt skip og korleis skipet er forma. Basert på ein kombinasjon av skipsinformasjonen, lasta ombord og vêrtilhøva i området skipet skal segla gjennom, kan ein ved hjelp av avanserte modellar finne t.d. den minst drivstoffkrevjande ruta, den tryggaste ruta om det er maks. krav til bølgjehøgd eller den raskaste ruta.

Energimarknaden[endre | endre wikiteksten]

Kraftbørsar som Nord Pool har svært stor nytte av å vite nedbør og temperaturforhold. I Skandinavia blir mykje av straumen produsert ved hjelp av vasskraft. Kor mykje nedbør som kjem dei neste dagane vil derfor gje eit estimat på kor mykje straum som kan produserast. I staden for å varsle nedbør i talet på millimeter leverer Storm ein nedbørsindeks som viser kor mange TWh (terawattimar) ein kan vente i forskjellige område av Skandinavia dei neste 10-14 dagane. Kraftbransjen er ikkje nødvendigvis oppteken av kortid regnet eventuelt kjem, men er meir oppteken av dei generelle trendane. Kor mykje nedbør som blir varsla dei neste dagane får ofte utslag på straumprisen. Energimarknaden nyttar temperaturvarsel for å estimere straumforbruket i Skandinavia. Lengre kuldeperiodar i område med mykje innbyggjarar (som Austlandet, Sør-Sverige og Danmark) kan presse straumprisen oppover.

I tillegg er varsling av vind og vindproduksjon i Skandinavia, Tyskland, Nederland og Storbritannia stadig viktigare, og Storm leverer vêrvarsel til mange vindmølleparkar i Nord-Europa, både på land og til havs.

Flyvêr[endre | endre wikiteksten]

Storm leverer varsel som helikoptertrafikken frå norsk og britisk sektor kan planlegge etter. Om vindretninga er frå særskilde retninga på ein oljeplattform, kan dette føre til turbulens som hindrar helikoptra i å lande. Dette, dårleg sikt, fare for torevêr, ising, kraftig turbulens og særs kraftig vind kan stoppe helikoptertrafikken, og vêrvarslar til Storm inngår i den logistiske planlegginga av helikoptertrafikken.

I tillegg leverer Storm rapportar etter flyhavari og til planlegging av framtidige flyplassar. Dette vert gjort ved hjelp av særs finskala vêrmodellar.

Telekom[endre | endre wikiteksten]

Storm leverer vêrdata på både SMS, MMS og WAP. Utgangspunktet til desse tenestene er eit sjølvutvikla system kalla «Weather On Demand» (WOD), som gjer at ein kan få eit vêrvarsel for kva stad som helst i heile verda.

Internet[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei største norske nettstadane har ein vêrportal frå Storm, dette inkluderer dei fleste internettavisene på nettet. Desse tenestene er òg basert på WOD-systemet. Merk at vêret ein får for forskjellige stader i landet og elles i verda ikkje alltid stemmer med det ein kan sjå i papirutgåver av avisene eller på TV. Dette kjem av at WOD-systemet hentar vêrdata direkte frå ein datamodell utan at meteorologane har korrigert varselet, som dei som oftast gjer i varsla som går til TV og aviser. Årsaka til dette er at WOD-systemet i praksis har millionar av punkt ein kan hente ut varsel for, og at det med dagens teknologi ikkje er mogeleg å korrigere samtlege punkt. Om modellen då tar feil eller ikkje tar omsyn til lokale effektar, som gjerne meteorologane kjenner til, vil varselet kome ut feil. Særleg gjeld dette vind som ofte er avhengig av finskala lokal topografi som ikkje er oppløyst i modellane.

Media[endre | endre wikiteksten]

TV 2 er kanskje den mest profilerte mediekunden til Storm. I tillegg har dei ei rekkje lokal-TV-stasjonar, som sender på frekvensen til TVNorge i Noreg, samt fleire TV-stasjonar i utlandet. Aviser som Storm lagar vêrsider til, er mellom anna dei norske regionsavisene Adresseavisen, Aftenbladet, Avisa Nordland, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen, i tillegg til aviser i Sverige.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Storm Weather Center har ein eigen forskingsstab som deltar i meteorologisk og teknisk retta forsking i heile verda. Storm har eit numerisk vêrvarslingsoppsett som er fullt operasjonelt på skalaer frå det lokale til det globale. Med desse modellane er Storm involvert i prosjekt med særleg fokus på:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]