Stormarimjelle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Stormarimjelle | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Lamiales | |
| Familie: | Orobanchaceae | |
| Slekt: | Melampyrum | |
| Art: | M. pratense | |
| Vitskapleg namn | ||
| Melampyrum pratense | ||
Stormarimjelle er ei eittårig urt i snylterotfamilien. Utbreidd i Europa og Asia. Tidlegare har arten vore rekna til maskeblomsterfamilien.
Planta er 2 dm høg med ein oftast ugreina stengel. Bleikgul krone, 15 mm lang. Grov kronrøyr, dobbelt så lang som dei smale begertennene. Kapselen oftast med fire frø. Blømer kring juli i lyngmark og skog. Vanleg over heile Noreg til langt opp på fjellet. Funnen opp til 1230 m på Hardangervidda.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.