Stormfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stormfuglfamilien


Vestindiapetrell Pterodroma hasitata Foto: Patrick Coin
Vestindiapetrell Pterodroma hasitata
Foto: Patrick Coin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae

Leach1820

Slekter

Stormfuglfamilien (Procellariidae) er ei gruppe av sjøfugl som femnar om havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar og lirer. Saman med albatrossfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer stormfuglfamilien ordenen stormfuglar, Procellariiformes.

Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migrasjonar. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.

Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.

Det finst klassifisert over 80 artar i 14 slekter.[1] Sjekkliste for Europa inneheld 22 artar og for Noreg 7 artar.

Taksonomi og utvikling[endre | endre wikiteksten]

I følgje studiar innan fylogenetiske relasjonar blant fuglar utført av Sibley og Ahlquist, skjedde splittinga av Procellariiformes i fire familiar for rundt 30 millionar år sidan. Eit fossilt bein som ofte vert sett i samband med denne fugleordenen er skildra som slekta Tytthostonyx. Beinet er funne i bergartar datert til rundt kritt-tertiær-utryddinga for 70-60 millionar år sidan, men beinfunnet er ikkje så komplett at plasseringa innan Procellariiformes kan reknast som sikker.[2] Molekylære studiar tyder på at stormsvaler var dei første som tok til å avvike frå eit opphavleg takson, deretter albatrossar, med Procellariidae og dukkpetrellar som dei siste. Mange taksonomiar held framleis dukkpetrellar innanfor familien Procellariidae, men eigenarten til dukkpetrellar har no brei stønad.

Dei moderne slektene innan Procellariidae utvikla seg kanskje like tidleg som då den antatte kløyvinga av ordenen Procellariiformes skjedde, med ei Rupelium-slekt, tidleg oligocen, etter fossil frå Belgia knytt til Puffinus-lirer,[3] og dei mest moderne slekter vart etablert i miocentida. Derfor synast det sannsynleg at ein grunnleggjande framvekst av Procellariiformes i eocen, særleg når ein veit at det er funne betydelege fråvik i molekylær evolusjonsrate og mønstre gjennom heile familien.[4][5]

Sibley-Ahlquist-taksonomi har inkludert alle tradisjonelle medlemmer av Procellariiformes inn i Procellariidae og sett inn den utvida familien inn i ordenen Ciconiiformes, men denne endringa er ikkje allment akseptert.

I tradisjonell taksonomi er familien Procellariidae delt inn i fire ganske ulike grupper: havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, og lirer.

  • Havhestar i ei utvida tyding femnar om dei to artane av Fulmarus, havhest og sørhavhest, dessutan kjempepetrellar, snøpetrell, antarktispetrell og flekkpetrell. Denne gruppa er har internt stort mangfald med artar som varierer i levemåtar og utsjånad, men dei er knytt saman morfologisk av eigenskapar ved hovudskallen, spesielt det lange, iaugefallande saltutsondringsrøret.
  • «Eigentlege» petrellar, på engelsk språk kalla 'gadfly petrels', dei som flyg «hulter til bulter» er det ca. 33 artar i slekta Pterodroma og har tradisjonelt òg inkludert dei to artane i slekta Bulweria. Artane varierer frå små til mellomstore, 26-46 cm, har lange venger med kort nebb med krok i enden. Slekta Pterodroma har vore delt inn i fire underslekter,[6] og det er framlegg om at nokre artar blir splitta ut frå slekta, sjå nedanfor.
  • Kvalfuglar er seks artar av «eigentlege» kvalfuglar i slekta Pachyptila og ofte òg den monotypiske og nært slekta blåpetrell, Halobaena caerulea. Tre artar i gruppa har store nebb fylt med lamellar som dei nyttar til å filtrere plankton nett som bardekvalane gjer, men namnet kvalfugl stammar frå tilknytinga til kvalar, ikkje nebbfunksjonen. Dette er små stormfuglar, 25-30 cm, med gråblå, mønstra fjørdrakt, alle i Sørishavet.
  • Lirer er tilpassa fangst av byttedyr med hjelp av dukking i staden for å plukke føda på havoverflata som andre i familien. Ein art har vore registrert så djupt som 70 meter. Mange artar lirer er òg kjent for lange transekvatoriale trekk. Lirer inkluderer om lag 20 artar i slekta Puffinus og dei tre Calonectris-artane. Tradisjonelt òg dei fem store Procellaria-artane. Om desse tre slektene alle er kjente kollektivt som lirer, har Procellaria '–petrell' i artsnamnet. Ein fersk studie deler Puffinus-slekta i to separate kladar eller undergrupper, Puffinus og Neonectris. Puffinus er dei mindre Puffinus-lirene, havlire, dverglire og tropelire til dømes, og Neonectris er dei større Puffinus-lirene som grålire. I 2004 blei det lagt framlegg om at Neonectris vert splitta ut i si eiga slekt, Ardenna.[7] Ein trur at denne splitten i to kladar kan ha skjedd like etter at Puffinus kløyvde seg ut frå dei andre i familien Procellariidae, slik at slekta opphavleg oppstod i Nord-Atlanteren og kladen Neonectris utvikla seg på den sørlege halvkula.[8]
Procellariidae 



 Havhestar





 Kvalfuglar




 Procellaria (petrellar)



 Bulweria (petrellar)








 Puffinus (små lirer)



 Calonectris (store lirer)




 Puffinus (store lirer)




 Pseudobulweria



 Aphrodroma (Lugensa)







 Pterodroma (petrellar)



Eit forenkla diagram som syner fylogenetiske samband innanfor stormfuglfamilien. Greiner innanfor havhestar og «eigentlege» petrellar er ikkje synt her. Basert på Nunn og Stanley (1998) og Bretagnolle et al. (1998)[5]

Den meir tradisjonelle taksonomien av familien, spesielt inndelinga i fire grupper, har blitt utfordra av nyare forsking. Ein studie frå 1998 av Gary Nunn og Scott Stanley viser at havhestar verkeleg er ei distinkt gruppe innan familien, akkurat som slekta Pterodroma er det.[5] Men ein ser ikkje lenger på dei to petrellane i slekta Bulweria som nær Pterodroma («eigentlege» petrellar), i staden er Bulweria nærare Procellaria (lirer). Ein har skilt ut to nye slekter Pseudobulweria og Lugensa frå slekta Pterodroma, med Pseudobulweria fylogenetisk nærmare Puffinus-lirer enn Pterodroma-petrellar,[9] og Lugensa i dag Aphrodroma brevirostris, sølvvengpetrell kanskje nært relatert til lirer eller havhestar.[10] Kvalfuglar er ifølgje Nunn og Stanley innanfor den utvida gruppa lirer.[5] Calonectris-lirer er plassert nær Puffinus-kladane, begge fjernt frå Procellaria-lirer.

Ein ser at relasjonane mellom slektene og innan slektene framleis er gjenstand for debatt, forskarar samlar og splitter artane og slektene i denne familien og argumenterer for ulike plasseringar av slektene i familien.[4][7] Fleire av artane som valdar bry for forskarane er blant dei minst kjente av alle sjøfuglar, somme som fijipetrell har ikkje blitt sett meir enn 10 gonger sidan dei vart oppdaga for vitskapen, for andre artar som melanesialira er oppvekststadene framleis ukjente.

Det finst rundt 80 artar av Procellariidae i 14 slekter.

Oversyn av slekter:





Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stormfuglfamilien

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clementslista versjon 6.8
  2. Dyke, G. & Van Tuinen, M. (2004) «The evolutionary radiation of modern birds (Neornithes): reconciling molecules, morphology, and the fossil record» – Zoological Journal of the Linnean Society, bind 141, nr. 2, s. 151-177.
  3. Whittow, G. C., 1997. Wedge-tailed Shearwater (Puffinus pacificus). The Birds of North America, No. 305 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Academy of Natural Sciences, Philadelphia, PA, and The American Ornithologists’ Union, Washington, D.C.
  4. 4,0 4,1 Rheindt, F. E. & Austin, J. (2005) «Major analytical and conceptual shortcomings in a recent taxonomic revision of the Procellariiformes - A reply to Penhallurick and Wink (2004)» – Emu, bind 105, s. 181-186.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Nunn, G & Stanley, S. (1998) «Body Size Effects and Rates of Cytochrome b Evolution in Tube-Nosed Seabirds» – Society for Molecular Biology and Evolution, bind 15, s. 1360–1371.
  6. Imber, M.J. (1985) «Origins, phylogeny and taxonomy of the gadfly petrels Pterodroma spp.» – Ibis, bind 127, s. 197–229.
  7. 7,0 7,1 Penhallurick, J. and Wink, M (2004) «Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene.» – Emu, bind 104, s. 125–147.
  8. Austin, J. (1996) «Molecular Phylogenetics of Puffinus Shearwaters: Preliminary Evidence from Mitochondrial Cytochrome b Gene Sequences» – Molecular Phylogenetics and Evolution, bind 6, nr. 2, s. 77-88.
  9. Bretagnolle, V., Attié, C., Pasquet, E. (1998) «Cytochrome-B evidence for validity and phylogenetic relationships of Pseudobulweria and Bulweria (Procellariidae)» – Auk, bind 115, nr. 1, s. 188–195.
  10. Imber, 1985, trur at Lugensa høyrte til havhestar, Nunn og Stanley (1998) plasserte dei nærare dei store (Neonectris) Puffinus-lirer.