Stormfulle høyder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stormfulle høgder)
Gå til: navigering, søk
Stormfulle høyder


Opph. Wuthering Hights

Forfattar Emily Brontë
Sjanger Roman
Forlag Thomas Cautley Newby

Stormfulle høyder (engelsk originaltittel: Wuthering Heights) er ein roman av den britiske forfattaren Emily Brontë (1818-1848). Romanen vart utgjeven i 1847 under pseudonymet «Ellis Bell». Same år romandebuterte også søstrene Charlotte Brontë og Anne Brontë. Boka er Brontës einaste roman, men blir likevel rekna som ein klassikar blant engelske romanar.

Forteljinga er ikkje lineær, og det er to forteljarar: Mr Lockwood rammar inn historia, og let Nelly Dean ta over frå det fjerde kapittelet, med korte innslag fortald av mr Lockwood.

Figurar[endre | endre wikiteksten]

  • Heathcliff: Foreldrelaus gut som blir funnen av Mr Earnshaw på gata i Liverpool. Mr Earnshaw tek han med seg heim. Kjærleiken mellom Heathcliff og Catherine er eit hovudtema i romanen.
  • Catherine Earnshaw: Dotter i Earnshaw-familien. Ho og Heathcliff er gode venner i oppveksten.
  • Edgar Linton: Bur på Thrushcross Grange. Catherine giftar seg med han og ikkje Heathcliff. Dette fører til konflikt mellom Edgar og Heathcliff.
  • Ellen (Nelly) Dean: Nelly er tenar både for Earnshaw- og Linton-familien på ulike tidspunkt. Nelly blir også tenar for mr Lockwood, og ho fortel han historia om kva som har skjedd på Wuthering Heights og Thrushcross Grange.
  • Isabella Linton: Edgars søster.
  • Hindley Earnshaw: Catherines bror, som giftar seg med Frances.
  • Hareton Earnshaw: Sonen til Hindley og Frances.
  • Cathy Linton: Dotter av Catherine Earnshaw og Edgar Linton.
  • Linton Heathcliff: Sonen til Heathcliff og Isabella. Han møter faren først etter at mora hans er død. Han giftar seg med Cathy Linton, men berre etter påtrykk frå faren.
  • Joseph: Ein tenar ved Wuthering Heights som er djupt religiøs. Han snakkar med brei Yorkshire-aksent.
  • Mr Lockwood: Forteljar i boka. Han leiger Thrushcross Grange av Heathcliff for å finne fred og ro, men finn til slutt ut at han ikkje vil halde fram med å bu der.
  • Frances: Kona til Hindley, som han kjem heim med etter at mr Earnshaw er død.
  • Kenneth: Ein lege i landsbyen Gimmerton.
  • Zillah: Tenar for Heathcliff ved Wuthering Heights i tida etter at Catherine var død.

Kjeler[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!