Stormogul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stormogulen Djahangir og dei to sønene hans, Khusrau og Parviz.
«Le Grand Mogol». Ein stormogul slik franske Allain Manesson-Mallet førestilte seg han i 1683.
Bahadur Shah, den siste stormogulen.

Stormogulane var herskarane over Mogulriket, som dekte store delar av Sør-Asia (noverande Afghanistan, Bangladesh, India og Pakistan). Riket blei oppretta i 1526 og annektert av Storbritannia som Britisk India i 1858.

Ordet «mogul» kjem frå persisk og har samanheng med ordet «mongol».

Herskar Dato
Babur (1483-1530) 27.04.1526-26.12.1530
Humajun (1508-1556) 28.12.1530-17.05.1540
Sher Sjah 1540-1545
Islam Sjah 1545-1555
Adil Sjah 1554-1555
Humajun (andre gong) 23.07.1555-27.01.1556
Akbar den store (1542-1605) 14.02.1556-26.10.1605
Djahangir (1569-1627) 03.11.1605-28.10.1627
Dawar Baksh (-1627) 11.1627-31.12.1627
Shah Djahan (1592-1666) 24.02.1628-26.06.1658
Aurangzeb (eller: Alamgir I) (1618-1707) 26.06.1658-02.03.1707
Alam I (eller: Bahadur I) (1643-1712) 27.04.1707-28.02.1712
Djahandar Shah( -1713) 29.12.1712-11.02.1713
Farruch Sijar (1687-01.03.1719) 11.06.1713-13.02.1719
Rafi ad Daradjat (1704-1719) 01.03.1719-08.06.1719
Djahan II (1702-) 08.06.1719-07.09.1719
Mohammed Ibrahim 7.09.1719-29.09.1719
Mohammed Nasir (1701-1748) 29.09.1719-23.04.1748
Ahmed Bahadur (1725-1775) 1748-1754
Alamgir II (1688-1759) 1754-1759
Djahan III 1759
Mozaffar Mohammad Shah «Ham-e Din» (1728-1806) 1759-10.11.1806
Nasr Mohammad Akbar Saheb Qiran-e Sani 10.11.1806-29.09.1837
Mozaffar Mohammad Bahadur Shah 29.09.1837-23.03.1858

Kjelder[endre | endre wikiteksten]