Stormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stormsvale

Status i verda: Livskraftig (LC)
Status i Noreg: Nær trua (NT)

Stormsvale
Stormsvale

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Art: O. leucorhoa
Vitskapleg namn
Oceanodroma leucorhoa
Vieillot, 1818

Stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) er ein liten fugl i stormsvalefamilien. Stormsvala har ei normal kroppslengd på 18-21 cm og eit vengespenn på ca. 43-48 cm. Ho er ein svartbrun fugl med gråkvit overgump og kløfta hale. Stormsvala er tydeleg større enn havsvala, som ho liknar med kvitt band over overgumpen på ei elles mørk fjørdrakt.

Stormsvale hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, og dessutan frå Japan til Aleutane og øyar utanfor vestkysten av Mexico. Den største kolonien av fuglane finst på Baccalieu-øya aust i Canada, der over 3 millionar par hekker. Første indikasjonen på hekking i Noreg fekk ein då ein koloni vart oppdaga på Røst i Lofoten i 1961. Sikkert bevis for hekking fekk ein først fleire år seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.