Stormwatch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stormwatch
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 14. september 1979 (Storbritannia) / (USA)
Innspelt Våren og sommaren 1979
Studio Maison Rouge Mobile og Maison Rouge Studio i Fulham i London
Sjanger Folkrock, progressiv rock, hardrock
Lengd 45:42
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Robin Black
Jethro Tull-kronologi 
Bursting Out
(1978)
Stormwatch A
(1980)


Singlar frå
Stormwatch
  1. «North Sea Oil»
    Utgjeve: 1979
  2. «Elegy»
    Utgjeve: 1979
  3. «Warm Sporran»
    Utgjeve: 1979
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
Sputnik Music3.5/5 stars[2]

Stormwatch er det tolvte studioalbumet til den britiske rockegruppa Jethro Tull, utgjeve i september 1979. Det vert rekna som det siste i ein trilogi av folkrockalbum av Jethro Tull, sjølv om det er spor av folkemusikk på nær sagt alle Tull-album. Tekstane på albumet handlar mykje om problem tilknytt miljø, olje og pengar.

Dette er det siste Tull-albumet med den klassiske besetninga frå 1970-åra sidan trommeslagaren Barriemore Barlow og klaverspelarane John Evan og Dee Palmer slutta i bandet etter Stormwatch-turneen var over året etter, medan bassisten John Glascock døydde under innspelinga.

I 2004 vart det gjeve ut ein ommastra versjon av Stormwatch med fire bonusspor.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Bassisten John Glascock leid av hjarteproblem på denne tida og døydde til slutt av problema. Han er derfor berre med på tre av songane («Flying Dutchman», «Orion» og «Elegy»). Ian Anderson spelte bass andre stader på albumet, medan Dave Pegg spelte bass på den påfølgjande turneen.

Det instrumentale stykket «Elegy» vart skriven av David Palmer.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Dun Ringill er ein historisk stad på Isle of Skye der det ligg eit jernalderfort, som opphavleg var sete for MacKinnon-klanen. Anderson eigde og budde ein gong i nærleiken i Kilmarie House, før han selde eigedomen i 1994. I songen «Warm Sporran» er ein sporran ei slags taske som vanlegvis høyrer til ein kilt. Andre songar handlar om stjernebiletet Orion og segna om Den flygande hollendaren.

Det har stundom vore rykte om at «Elegy» var ei hyllest til Glascock, som døydde kort tid etter albumet kom ut. Songen er i røynda ein klagesong til faren til Dee Palmer og ein av få spor som Glascock sjølv spelar på.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«North Sea Oil»3:12
2.«Orion»3:58
3.«Home»2:46
4.«Dark Ages»9:13
5.«Warm Sporran» (instrumental)3:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Something's on the Move» 4:27
7.«Old Ghosts» 4:23
8.«Dun Ringill» 2:41
9.«Flying Dutchman» 7:46
10.«Elegy» (instrumental)David Palmer3:38
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«A Stitch in Time»3:40
12.«Crossword»3:38
13.«Kelpie»3:37
14.«King Henry's Madrigal» (instrumental, Kong Henrik VIII)3:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande
  • Francis Wilson – snakking (på spor 1 og 8)
  • Dave Pegg – bassgitar (på spor 14)
  • Robin Black - lydteknikar
  • David Jackson - plateomslag
  • Peter Wragg - kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]