Stornandu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stornandu

Status i verda: NT Nær truga

Foto frå Entre Rio, ArgentinaFoto: Lip Kee Yap
Foto frå Entre Rio, Argentina
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Rheidae
Slekt: Rhea
Art: R. americana
Namn på andre språk
  • Engelsk: Greater Rhea
  • Portugisisk: Ema
  • Spansk: Ñandú común
Vitskapleg namn
Rhea americana

Stornandu (Rhea americana) er ein stor strutsefugl utan flygeevne funnen i det søraustlege Sør-Amerika. Han er ein av to artar i slekta Rhea, i nandufamilien Rheidae, og lever i Argentina, Bolivia, Brasil, Paraguay og Uruguay. Stornanduar har habitat i ei rekkje opne naturtypar, som til dømes på grasletter, savannar eller våtmarker med gras. Stornandu er den største fuglen i Sør-Amerika.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne har ei gjennomsnittsvekt på 20-27 kg og måler typisk 127-140 cm frå nebb til hale. Vanleg høgde er ca. 1,5 meter.[1] Hannane er generelt større enn hoene. Store hannar kan vege opp til 40 kg, kan rekkje nesten 1,8 m høgt og måle over 150 cm i lengd, men dette er sjeldan.[1][2][3]

Hovudet og nebbet er ganske lite, nebbet berre mellom 8 og 10,4 cm i lengd.[1] Beina er lange og kraftige, med tars som måler mellom 33,5 og 37 cm[1][4] og har 22 horisontale plater på framsida av tarsen. Dei har tre tær, og baktåa er fråverande. Vengene er ganske lange til strutsefugl å vere, fuglane brukar vengene under springing for å oppretthalde balansen i krappe svingar, og òg under kurtise og oppvisingar.

Stornanduar har ei fjørdrakt med luftig, fillete utsjånad, i grått eller brunt, med høg individuell variasjon. Hovud, nakke, undergump og lår er fjørkledde.[1] Generelt er hannar mørkare enn hoene. Spesielt i Argentina er finn ein leucistiske individ med kvit fjørdrakt og blå auge, og dessutan albinoar, dette skjer sjølv blant ville fuglar. Nyklekte stornanduar er grå med mørke, langsgåande striper.[5]

Denne arten lever på grasmark dominert av Imperata-gras, gras i tvillinghirseslekta,[3] og dessutan på savannar, i krattskog, i chaparral heilandskap og jamvel i område med ørken og våtland,[6] sjølv om dei føretrekker område med i det minste noko høg vegetasjon. Stornandu er endemisk til eit område innanfor landegrensene til Argentina, Bolivia, Brasil, Paraguay og Uruguay,[7] men er fråverande frå dei fuktige tropiske skogane i Mata atlântica og på høglandet langs kysten av Brasil[8] og strekkjer seg sørover til 40 ° breiddegrad. Dei føretrekker lågare høgd og går sjeldan over 1200 meter over havet.[9] I løpet av hekkesesongen på våren og sommaren, held dei seg nær vatn.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Stornanduen vert rekna som ein nær truga art, i samsvar med status hos IUCN, og dei har eit minkande utbreiingsområde på ca 6 540 000 kvadratkilometer.[9] Populasjonen blir trudd å minke på grunn av auka jakt[7] og av at dei sentrale søramerikansk graslettene blir gjort om til jordbruksland og krøtterbeite.[10] Bestanden i Argentina og Uruguay er hardast råka av nedgangen.[5]

Bønder vil nokre gonger vurdere stornanduen som eit skadedyr, fordi fuglane et av dyrka grønsaker, som til dømes kvitkål, mangold og kinakål.[11] Kor dei ovrar seg som skadedyr, har bønder ein tendens til å jakte og drepe stornanduer. Brenning av avlingar i Sør-Amerika har òg medverka til nedgangen av arten.[12]

I vill tilstand har han ein forventa levealder på 10,5 år.[9]

Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

Denne arten blir ala opp i Nord-Amerika og Europa på liknande vis som på emu og struts. Dei viktigaste produkta er kjøt og egg, men olje av fuglen blir brukt til kosmetikk og såper og nanduskinn blir òg omsett i mengder. Hannar av stornandu er særs territoriale i hekkesesongen. Ungane har høg dødsrate i typisk inngjerda oppdrett, men under optimale frittgåande tilhøve kan ungane nå vaksen storleik innan den femte levemånaden deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Accordi, Iury Almeida; Barcellos, André. «Composição da avifauna em oito áreas úmidas da Bacia Hidrográfica do Lago Guaíba, Rio Grande do Sul [Bird composition and conservation in eight wetlands of the hidrographic basin of Guaíba lake, State of Rio Grande do Sul, Brazil]» (på Portuguese with English abstract). Revista Brasileira de Ornitologia 14 (2): 101–115. 
  • Bencke, Glayson Ariel (2007-06-22). «Avifauna atual do Rio Grande do Sul, Brasil: aspectos biogeográficos e distribucionais [The Recent avifauna of Rio Grande do Sul: Biogeographical and distributional aspects]». Quaternário do RS: integrando conhecimento, Canoas, Rio Grande do Sul, Brazil. 
  • Bologna, Gianfranco. «Rhea americana Greater Rhea». I Bull, John. Simon & Schuster's Guide to Birds of the World. New York, NY: Simon & Schuster. ISBN 0-671-42234-0. 
  • Davies, S.J.J.F. (2003). «Rheas». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 69–73. ISBN 0-7876-5784-0. 
  • Elliott, Andrew (1992). «Genus Rhea». I Josep del Hoyo, Jordi Sargatal, José Cabot. Handbook of the Birds of the World. 1. Lynx Edicions. pp. 84–88. ISBN 84-87334-10-5. 
  • Giordano, Paola F.; Bellis, Laura M.; Navarro, Joaquín L.; Martella, Mónica B. (2008). «Abundance and spatial distribution of Greater Rhea Rhea americana in two sites on the pampas grasslands with different land use». Bird Conservation International 18 (1). doi:10.1017/S0959270908000075. 
  • Goriup, Paul D. (1988). Ecology and conservation of grassland birds. BirdLife International. s. 61. ISBN 0-946888-11-6. 
  • McFie, Hubert (2003). «Something Rheally Interesting». ACountryLife.Com. http://www.acountrylife.com/page.php?id=64. 
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Davies, S. J. J. F. (2003)
  2. McFie, H. (2003)
  3. 3,0 3,1 Mercolli, C. & Yanosky, A. (2001)
  4. Bologna, G. (1981)
  5. 5,0 5,1 Folch, A. (1992)
  6. Accordi, I. & Barcellos, A. (2006)
  7. 7,0 7,1 Mal:IUCN
  8. Bencke, G. (2007)
  9. 9,0 9,1 9,2 Birdlife International (2014)
  10. Giordano, P.F. et al. (2008)
  11. Elliott, Andrew (1992)
  12. Goriup, P.D. (1988)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stornandu