Storpolske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storpolske voivodskap
Województwo wielkopolskie
Flagget til Storpolske voivodskap Våpenet til Storpolske voivodskap
Flagget til Storpolske voivodskap Våpenet til Storpolske voivodskap
Plasseringa til Storpolske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Poznań
Fylke: 4 byar og 31 landfylke
Gmina: 226
Folketal: 3 374 653 (2006)
Areal: 29 826 km²
Folketettleik: 113 /km²
Heimeside: www.en.poznan.uw.gov.pl/

Storpolske voivodskap (polsk województwo wielkopolskie eller berre Wielkopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg vest i sentrale delar av landet. Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Poznań, Kalisz, Konin, Piła og Leszno. Provinsen er kalla opp etter den historiske regionen kalla Storpolen eller Wielkopolska. Det moderne voivodskapet inneheld det meste av denne historiske regionen bortsett frå nokre mindre område i sørvest.

Storpolen Voivodskap er det nest største i areal og det tredje folkerikaste i Polen med eit areal 29 826 km² og eit folketal nær 3,4 millionar. Hovudstaden er Poznań og andre viktige byar er Kalisz, Konin, Piła og Gniezno (ein tidlegare hovudstad i Polen). Det grensar til sju andre voivodskap: Vestpommerske voivodskap i nordvest, Pommerske voivodskap i nord, Kujaviskpommerske voivodskap i nordaust, Łódź-voivodskapet i søraust, Opole i sør, Nederschlesiske voivodskap i sørvest og Lubusz-voivodskapet i vest.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Storpolske Voivodskap er delt inn i 35 fylke (powiat) og av desse er det fire byfylke og 31 landfylke. Desse er igjen delt inn i 226 kommunar (gmina).

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet har 109 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):

1. Poznań (566 546)
2. Kalisz (108 575)
3. Konin (80 618)
4. Piła (75 044)
5. Ostrów Wielkopolski (72 577)
6. Gniezno (70 080)
7. Leszno (64 079)
8. Śrem (30 227)
9. Swarzędz (29 894)
10. Krotoszyn (29 421)
11. Turek (29 302)
12. Września (28 617)
13. Luboń (26 935)
14. Jarocin (25 834)
15. Wągrowiec (24 681)
16. Kościan (24 102)
17. Koło (23 034)
18. Środa Wielkopolska (21 635)
19. Rawicz (21 301)
20. Gostyń (20 588)
21. Chodzież (19 652)
22. Szamotuły (18 760)
23. Złotów (18 468)
24. Oborniki (17 850)
25. Pleszew (17 787)
26. Trzcianka (16 756)
27. Nowy Tomyśl (15 225)
28. Kępno (14 710)
29. Ostrzeszów (14 536)
30. Słupca (14 363)
31. Grodzisk Wielkopolski (13 703)
32. Wolsztyn (13 557)
33. Mosina (12 150)
34. Wronki (11 551)
35. Czarnków (11 356)
36. Międzychód (10 920)
37. Rogoźno (10 905)
38. Murowana Goślina (10 140)
39. Puszczykowo (9 311)
40. Opalenica (9 104)
41. Kostrzyn (8 539)
42. Jastrowie (8 403)
43. Pobiedziska (8 329)
44. Witkowo (7 855)
45. Trzemeszno (7 789)
46. Pniewy (7 464)
47. Zbąszyń (7 300)
48. Kórnik (6 981)
49. Kłodawa (6 829)
50. Koźmin Wielkopolski (6 707)
51. Krzyż Wielkopolski (6 283)
52. Buk (6 181)
53. Sieraków (5 994)
54. Wieleń (5 940)
55. Śmigiel (5 452)

56. Stęszew (5 339)
57. Wyrzysk (5 234)
58. Czempiń (5 135)
59. Nowe Skalmierzyce (5 080)
60. Odolanów (4 960)
61. Zduny (4 498)
62. Golina (4 330)
63. Szamocin (4 267)
64. Kleczew (4 173)
65. Krobia (4 022)
66. Ujście (3 899)
67. Skoki (3 866)
68. Okonek (3 827)
69. Sompolno (3 695)
70. Krajenka (3 651)
71. Miłosław (3 589)
72. Tuliszków (3 393)
73. Gołańcz (3 342)
74. Rakoniewice (3 253)
75. Nekla (3 203)
76. Pyzdry (3 188)
77. Łobżenica (3 172)
78. Miejska Górka (3 128)
79. Ślesin (3 102)
80. Kobylin (3 084)
81. Bojanowo (3 014)
82. Margonin (2 956)
83. Zagórów (2 932)
84. Lwówek (2 909)
85. Poniec (2 875)
86. Sulmierzyce (2 772)
87. Wysoka (2 750)
88. Książ Wielkopolski (2 724)
89. Kłecko (2 677)
90. Czerniejewo (2 556)
91. Rydzyna (2 539)
92. Borek Wielkopolski (2 486)
93. Rychwał (2 377)
94. Obrzycko (2 170)
95. Dąbie (2 087)
96. Żerków (2 058)
97. Raszków (2 037)
98. Osieczna (2 018)
99. Ostroróg (1 995)
100. Pogorzela (1 974)
101. Grabów nad Prosną (1 967)
102. Jutrosin (1 872)
103. Mikstat (1 840)
104. Przedecz (1 771)
105. Wielichowo (1 765)
106. Stawiszyn (1 554)
107. Krzywiń (1 547)
108. Dobra (1 511)
109. Dolsk (1 479)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]