Storr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storr


Sandstorr
Sandstorr

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Cyperaceae
Slekt: Carex
Vitskapleg namn
Carex

Storr er ei planteslekt i storrfamilien. Storr er fleirårige plantar, enkle eller i tuver eller med strå i rekkje på krypande jordstengel. Oftast trekanta strå og renneform blad. Einkjønna blomstrar. Hannblomstrar og hoblomstrar på kvar sin plante, eller oftast på same plante og då i same aks, eller i hannaks og hoaks, hannaks øvst og hoaks nedst. Eit støtteblad under kvart aks, og eit dekkskjel under kvar blomster. Artar med normalt reine hoaks kan ha nokre hannblomstrar i hoaks, og somme artar med reine hannaks kan ha nokre hoblomstrar i hannaks. Nøtta er gøymd i eit hylsterforma skjel, fruktgjømmet. Det er berre dette hylstret som er synleg utanfrå. To eller tre arr. Flat nøtt når det er to arr, trekanta nøtt når det er tre arr. Hybridar er vanlege. Hos hybridane kjennest hylstret mjukt når ein klemmer på det, for der er ikkje utvikla noko nøtt i det. Storrartane er det lettast å finne greie på i fruktstadiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.