Storrobinia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storrobinia


Robinia-pseudoacacia.JPG

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fabales
Familie: Fabceae
Slekt: Robinia
Art: R. pseudoacacia
Vitskapleg namn
Robinia pseudoacacia

Storrobinia (Robinia pseudoacacia), tidlegare kalla falsk akasie er eit stort, lauvfellande tre i erteblomsterfamilien. Treet vert rekna som eit vakkert parktre. Materialen vert mellom anna brukt innan båtbygging.

Det kan verte opp til 25 m høgt. Treet har ei uregelmessig vekstform. Stamma er ofte delt i fleire toppskot. Skota på unge tre har tornar. Barken er først olivengrå og glatt. Seinare vert han meir grå og ru, og til sist er han lysegrå og fura. Blada er litt matt mørkegrøne med lysegrøn underside. Haustfargen er gul, men blada fell tidleg av. Blomane er kvite og sit samla i korte klasar. Frøa sit i små brune belgar.

Storrobinia høyrer heime på tørr kalkbotn eller sandsteinsbotn i Allegheny-fjella i det austlege USA. Planta vart først dyrka i Europa av gartnarane til den franske kongen Ludvig 13., Jean og Vespasien Robins. Etter dei har planta fått namnet Robinia. Treet vart lenge rekna som ein slags akasie, og Linné gav det namnet falsk akasie, eit namn som lenge vart brukt i Noreg. Storrobinia kan dyrkast i låglandet i Sør-Noreg. Her vert frøa sjeldan mogne.

Kjerneveden er svært tung, 7 - 800 kg/m³. Han er hard, seig og bøyeleg. Han er haldbar mot luft, vatn og jord. Og har på alle område betre tekniske eigenskapar enn eik.[1] Til Noreg har det vorte importert ein del til båtbygging. Tidlegare kom mykje av importen frå Nord-Amerika, noko som har ført til at namnet black locust har vorte ein del brukt om dette treslaget. Fordi treet oftast er krokete og treviket har mange feil, vert det levert i korte lengder. Til trenaglar har locust vorte etterspurd. Heilt opp til 1955 heitte det i Det Norske Veritas sit regelverk for bygging av skip at fartøy kunne få eit år lenger klassing med trenaglar av «god amerikansk locust».[1] I USA har heile fartøy vorte bygde av dette treslaget.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kravellbygging i Norge. 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]