Storsjöodjuret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei statue av storsjöodjuret med Östersund i bakgrunnen.

Storsjöodjuret er eit folklorisk fenomen i Storsjön i Jämtland.

Udyret skal ha vore observert frå gamalt av og observasjonar er dokumenterte frå 1635 og utover. Mange observasjonar av fenomenet vart gjort frå 1800-talet og utover, for det meste på sumaren og spesielt i hundedagane. Dei fleste observasjonane stammar frå dei sørlege og austlege lutane av vatnet.

I 1894 vart det skipa eit selskap som hadde som føremål å fanga udyret. Både Oscar II, som då var konge i Sverige, og Östersund kommune ytte økonomisk stønad til innkjøp av ei spesialkonstruert saks, som no er utstilt på Jämtlands Läns Museum. Som agn vart det nytta ein smågris, men udyret gjekk ikkje i saksa.

I 1986 la länsstyrelsen i Jämtlands län ned eit forbod mot å «döda, skada, fånga levande djur av arten Storsjöodjuret» og å «borttaga eller skada Storsjöodjurets ägg, rom eller bo».[1] I 2000 vart det bygd spesielle ytsiktsplassar rundt Storsjön der ein går ut frå at det er mest truleg at udyret vil visa seg. I 2002 søkte ein privatperson om dispensasjon frå forbodet mot å samla storsjöodjuregg, men miljødomstolen synte til at länsstyrelsen si freding hadde vore usakleg og at det var i strid med lova å freda ein «vetenskapligt icke verifierad djurart». I 2005 slutta justitieombudsmannen seg til miljødomstolen si avgjerd og kunngjorde at fredinga av storsjöodjuret ikkje kunne oppretthaldast. Tidleg i 2006 handsama länstyrelsen lova på nytt og oppheva fredinga frå 1986.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Kungörelse om fridlysning av Storsjöodjuret inom Storsjön (i centrala Jämtland), Jämtlands läns författningssamling, Länsstyrelsen, 22/1-1986.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]