Stortinget
Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som avgjer dei fleste sakene samla.
Tidlegare var Stortinget delt i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget, ved handsaming av lovsaker. Lovsakene blir no handsama av eit samla Storting, men ein ny lov må vedtakast med same ordlyd to gonger.
Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er
- å vedta nye lover og endra eller oppheva gamle
- å vedta statsbudsjettet, det vil seia å fastsetja dei årlege inntektene og utgiftene til staten
- å kontrollera regjeringa og statsforvaltninga
- å handsama planar og retningsliner for verksemda til staten ved å drøfta meir generelle politiske spørsmål (til dømes i utanrikspolitikken), ta standpunkt til reformplanar, godkjenna større prosjekt med vidare
Ettersom Noreg har eit parlamentarisk styringssystem må kongen velja rådgjevarane sine – regjeringa – frå parti som har tillit hjå eit fleirtal på Stortinget, og regjeringa må gå av viss eit fleirtal på Stortinget seinare uttrykkjer mistillit til regjeringa.
Innhaldsliste |
Stortingsrepresentantar [endre]
Det er stortingsval kvart fjerde år. Av dei 169 representantane kjem 150 direkte inn som distriktsrepresentantar, medan 19 kjem inn på utjamningsmandat. Talet på representantar som skal veljast inn i kvart valdistrikt er sett fast i den norske grunnlova ut frå folketalet og flatevidda av distrikta. Sist stortingsval var den 14. september 2009, jf. lista over stortingsrepresentantar 2009–2013.
Etter ei grunnlovsendring frå 2003 er ikkje talet på representantar frå kvart valdistrikt fastsett i grunnlova. Lova seier i staden kor mange representantar ein skal ha totalt, og gjev ein utrekningsmåte for korleis dei skal fordelast ut frå folketal og areal i valdistrikta (Grl. § 57).
Frå 1989 til 2005 hadde Stortinget 165 representantar. Av desse blei åtte valde inn som utjamningsrepresentantar, fordelt over heile landet.
Arbeidsordning [endre]
Presidentskap [endre]
Stortingspresidenten leier møta i Stortinget, i samarbeid med visepresidentane. I tillegg har presidenten i oppgåve å representera Stortinget i offisielle høve. Stortingspresidenten er konstitusjonelt nummer to i landet, berre etter Kongen, og tek over visse kongelege oppgåver dersom kongen er fråverande eller indisponert.
Stortingspresident for perioden 2009–2013 er Dag Terje Andersen. Her er valt fem visepresidentar i nummerrekkefølgje.
Komitear [endre]
Mesteparten av det faglege arbeidet i Stortinget skjer i komiteane. Fordeling av sakar på dei ulike komiteane er fastsett i Stortingets forretningsorden.
Saker som Stortinget skal ta stilling til blir først handsama av ein fagkomité. Kvar stortingsrepresentant sit i ein komite som har eit særskilt arbeidsområde. Det er tretten faste fagkomitear pluss den utvida utanrikskomiteen, og i tillegg tre administrative komitear; andre komitear kan utnemnast om det trengst.
Møteprosedyre [endre]
Stortingsmøta tek til med at stortingspresidenten innleier med «Stortingets møte er lovlig sett», eller ein variasjon av desse orda. Deretter opnar presidenten for private forslag før Stortinget fortsetter med den tidlegare fastsette møteplanen. Når møteplanen er ferdig behandla blir møtet heva. Stortinget sit saman så lenge det finn det naudsynt.
Lovendringar [endre]
Lovframlegg, anten det gjeld nye lover eller endring eller oppheving av eksisterande lover, blir i hovudsak presentert for Stortinget av regjeringa i lovproposisjonar (Prop. L), men kan òg fremjast av enkeltrepresentantar gjennom såkalla private lovframlegg (Grl. § 76).
Eit lovframlegg må handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at loven skal bli vedteken. Minst tre dagar må gå mellom dei to behandlingane. Dersom framlegget blir forkasta ved den første handsaminga, fell det bort. Om eit lovframlegg ikkje blir akseptert ved den andre handsaminga, må det handsamast ein tredje gong.
Eit lovframlegg som er vedteke av Stortinget, blir sendt vidare til kongen for sanksjonering (Grl. § 77). Kongen kan etter grunnlova nekta å sanksjonera eit lovframlegg – kongens vetorett – og senda det attende til tinget, som i så fall ikkje får leggja det fram på nytt før etter neste stortingsval (Grl. § 78). Men viss det neste Stortinget vedtek det same lovframlegget, vert det til lov anten Kongen sanksjonerer det eller ikkje (Grl. § 79).
Framlegg om brigde i Grunnlova må leggjast fram i eitt av dei tre første Storting etter eit val. Deretter kan det vedtakast av eitt av dei tre første Stortinga etter neste val (Grl. § 112). Endringar i grunnlova må alltid gjerast med kvalifisert fleirtal av Stortinget i plenum. Grunnlovsendringar blir underskrivne av stortingspresidenten og stortingssekretæren, ikkje kongen, men blir sende kongen (les: regjeringa) til orientering og vidare offentleggjering (Grl. § 112).
Odelsting og Lagting [endre]
Grunnlova § 49 sa tidlegare at «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» Stortinget blei altså delt i to delar når det handsama lovforslag. Stortingsrepresentantane sjølve fordelte seg på dei to kammera etter stortingsval. Ein fjerdedel av representantane sat i Lagtinget medan resten sat i Odelstinget.
Stortinget var likevel ikkje delt i to kammer på same måte som mange andre nasjonalforsamlingar. Medlemmene i dei to avdelingane blei valde under eitt ved same stortingsval, for same periode, og etter same krav til å kunne veljast.
I røynda hadde Lagtinget svært lita makt den siste tida. Ut frå samansettinga i dei første tiåra etter 1814 kan det sjå ut som om dette tinget var meint å virka som eit overhus. I våre dagar fungerte det ikkje slik, ettersom yngre representantar og førstegangsvalde gjerne blir plasserte her. I teorien hadde Lagtinget ein viktig funksjon i samband med riksretten, som blei utforma av medlemmene av dette kammeret saman ned høgsterettsdommarane. Det har ikkje vore reist riksrettssaker i Noreg sidan 1927.
Forslaget til grunnlovsendring blei sett fram i september 2004 og blei 20. februar 2007 vedteke av Stortinget med 159 mot 1 stemme. (Berre Sverre Myrli stemde mot.) Nyordninga er i kraft frå 1. oktober 2009.
Stortingsbygget [endre]
Dagens stortingsbygg på Karl Johans gate er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet og blei innvigd 5. mars 1866. Konstruksjonen hadde teke nærare fem og eit halvt år. Stortingsbygget gjekk gjennom omfattande ombygging i åra 1951–1959 under arkitekt Nils Holter. Det fekk då eit tilbygg på fire etasjar, og stortingssalen blei utvida.
Historie [endre]
Frå 1814 og fram til 1854 heldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole på hjørnet av Prinsens gate og Dronningens gate i Oslo. Staten tok etter kvart over heile bygningen medan ein venta på eit spesiallaga stortingsbygg. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. Den første stortingssalen blei flytta til Norsk Folkemuseum i 1914 medan bygningen blei riven for å gje plass til Posthuset.
Planane om ein permanent stortingsbygning var stadig framme til drøfting, med mange ulike forslag om val av tomt. I 1839 laga arkitekten Hans Linstow eit som plasserte stortingsbygget ved den nylaga Slotsveien, i dag Karl Johans gate, rett ovanfor Universitetsbygningane. Men planane blei sette til side for mange andre offentlege byggeoppgåver, som Slottet og universitetet.
I 1847 tok ein stortingskomité opp byggesaka igjen. Arkitekt Heinrich E. Schirmer fekk i oppdrag å laga eit utkast i nygotisk stil på tomta til Rådmannsgården, Rådhusgaten 19, men også dette blei lagt vekk etter mykje diskusjon.
I 1855 kjøpte regjeringa den noverande tomta og med samtykke frå Stortinget. Same året blei det lyst ut ein arkitektkonkurranse. To år seinare blei utkastet til Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, i nygotisk stil, utropt til vinnar. Men medan dette blei drøfta kom arkitekten Emil Victor Langlet tilbake frå Italia med eit utkast han ikkje hadde rukke å levera innan fristen. Dette vakte merksemd og fekk mange tilhengjarar.
Under stortingshandsaminga av byggesaka fekk vinnarutkastet mykje kritikk, medan andre var redde for at Langlet var for uerfaren. Derfor bestilte ein eit tredje utkast frå den kjente danske arkitekten Chr. Hansen. Departementet føretrekte dette, men Stortinget valde til slutt, i 1860, utkastet til Langlet med 59 mot 47 stemmar. Dette hadde forkjemparar som Anton Martin Schweigaard, Johan Sverdrup, Ole Gabriel Ueland og Bjørnstjerne Bjørnson.
Innreiing [endre]
Stortingssalen er det viktigaste rommet på tinget. Her sit stortingsrepresentantane på sete i vifteform rundt presidentplassen og dei tre referentstolane. På veggen bak desse heng det norske riksvåpenet og måleriet Eidsvoll 1814 av Oscar Wergeland. Stortingsfolka sit fylkesvis etter alfabetet, fordelt innbyrdes etter stemmetal. Salen er dekorert i raudt og gull.
Lagtingssalen er mindre og noko enklare dekorert enn stortingssalen, men er halden i same stilen. Hovudfargen her er grøn. Rommet var opphavleg på baksida av stortingsbygget, men etter ombygginga på 1950-talet er det no utsyn frå lagtingssalen til kontorbygget.
Møblementet i stortings- og lagtingssalane er teikna av den opphavlege arkitekten Emil Langlet.
Sentralhallen eller Vandrehallen ligg mellom dei to salane, og blir ofte nytta til presseintervju med stortingsfolk. Dette rommet var tidlegare ein open bakgard.
Historisk sal har bogekvelving og inneheld portrett av 142 stortingspresidentar frå 1814 til 1940. Her er utplassert montrar med materiale frå viktige år i stortingshistoria; 1814, 1884, 1905 og 1940.
Eidsvollsgalleriet er blitt pussa opp og omdekorert i 1959 og 1991, og blir kalla det vakraste rommet på tinget. Det er pryda med portrett av atten menn frå Eidsvollsforsamlinga og fire viktige seinare politikarar: Johan Sverdrup, Carl Berner, Christian Michelsen og Gunnar Knudsen. Tolv byster av tidlegare stortingsrepresentantar er òg plasserte her.
Stortinget inneheld òg ei rekke kunstverk, både eigne og utlånte frå Nasjonalgalleriet. I alt finst det over 600 slike i bygget. Rundt 3 000 bilde av folkevalde heng òg på veggane.
Bakgrunnsstoff [endre]
- stortinget.no
- tinget.no
- Ny lovbehandling fra 1. oktober 2009, stortinget.no
|
|
||
|---|---|---|
| Presidentskapen | ||
| Fagkomitear: | Arbeid og sosial · Energi og miljø · Familie og kultur · Finans · Helse og omsorg · Justis · Kyrkje, utdanning og forsking · Kommunal og forvalting · Kontroll og konstitusjon · Næring ·Transport og kommunikasjon · Utanriks og forsvar | |
| Andre komitear: | Fullmaktskomiteen · Valkomiteen · Arbeidsordningskomiteen · Utvida utanriks- og forsvarskomité | |
| Etatar: | Sivilombodsmannen · Ombodsmannen for forsvaret · Ombodsmannen for sivile vernepliktige · Riksrevisjonen · EOS-utvalet | |