Stortingets løyvingsreglement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingets løyvingsreglement er eit reglement for Stortinget og Regjeringa sitt arbeid med løyvingar, statsbudsjettet og statsrekneskapen medrekna folketrygda. Reglementet inneheld også generelle instruksar til Regjeringa om desse saksområda.

Desse reglane har, saman med Stortingets forretningsorden, grunnlag i Grunnlova § 66 som seier at «Efter den der vedtagne Orden er Enhver pligtig at rette sig». Det er Stortinget sjølv som vedtar Stortingets løyvingsreglement, og som endrar dette når dei finn grunn til dette.

Reglementet har vidare grunnlag i Grunnlova § 75 b-e, som seier at Stortinget har heimel til å:

  • «b. at aabne Laan paa Rigets Kredit;
  • c. at føre Opsyn over Rigets Pengevæsen;
  • d. at bevilge de til Statsudgifterne fornødne Pengesummer;
  • e. at bestemme, hvor meget aarlig skal udbetales Kongen til hans Hofstat, og at fastsætte den kongelige Families Apanage, som dog ikke maa bestaa i faste Eiendomme;»

Reglane i Stortingets løyvingsreglement[endre | endre wikiteksten]

  • Kapittel 1: Seier at reglementet gjeld for statsbudsjettet og statsrekneskapen medrekna folketrygda, og at unntak frå reglementet i enkeltsaker krev uttrykkeleg vedtak i Stortinget.
  • Kapittel 2: Inneheld grunnleggande prinsipp for statsbudsjettet, som at statsbudsjettet gjeld for kalenderåret, og at budsjettet skal innehalde alle inntekter og utgifter knytte til verksemder og tiltak som får sine utgifter og inntekter fastsett ved Stortingets løyvingsvedtak. Her er vidare reglar om inndelinga av budsjettet i kapittel og postar, og inndeling av inntekts- og utgiftspostar etter art, som driftsutgifter, nybygg og anlegg, overføringar, lån mv. Her er også reglar om korleis løyvingar kan nyttast, forbod mot å overskride løyving eller bruke løyving til anna formål, reglar om overføring av løyving til neste år, reglar om langsiktige avtalar, og reglar om Staten si forretningsverksemd.
  • Kapittel 3: Inneheld reglar om regjeringa sitt budsjettforslag, og fristane for dette.
  • Kapittel 4: Inneheld reglar om gjennomføring av statsbudsjettet, budsjettendringar og tilleggsløyvingar. Her er også naud-fullmakter til Regjeringa og Fylkesmennene.
  • Kapittel 5: Har reglar om statsrekneskapen.
  • Kapittel 6: Har reglar om disponeringa av staten si kontantbehaldning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]