Stortingsvalet 1936

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingsvalet 1936 var det siste stortingsvalet før andre verdskrigen. I løpet av valperioden vedtok Stortinget at valperioden skulle forlengast til fire år, slik at Stortinget som vart vald i 1936 skulle sitja til 1940. Grunna den tyske okkupasjonen vart det aldri heldt noko val i 1940, og Stortinget som vart vald ved dette valet sat difor formelt heilt fram til 1945. Regjeringa Nygaardsvold, ei mindretalsregjering utgått av Arbeidarpartiet, vart sitjande etter valet, men framleis utan reint fleirtal i Stortinget. Det vart vald 150 representantar frå 29 valkrinsar - 18 landkrinsar og 11 bykrinsar.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1933 Mandat Endring i høve til 1933
Arbeidarpartiet 42,5 + 2,4 70 + 1
Høgre 21,3 + 5,9 36 + 6
Venstre 16,0 - 1,1 23 - 1
Bondepartiet 11,5 - 2,4 18 - 5
Samfunnspartiet 3,1 + 1,6 1 0
Nasjonal Samling 1,8 - 0,4 0 0
Kristeleg Folkeparti 1,3 + 0,5 2 + 1
Frisindede Folkeparti og Fedrelandslaget 1,3 - 0,3 0 - 1
Det Radikale Folkeparti 0,4 - 0,1 0 - 1
Norges Kommunistiske Parti 0,3 - 1,5 0 0
Møre Fisker- og Småbrukerparti 0,09 - 0,1 0 0
Det Norske Fiskerparti 0,08 + 0,08 0 0
Aktive Fiskarar 0,06 + 0,06 0 0
Norges Kristelige Sociale Folkelag 0,05 + 0,05 0 0
Fiskernes Venstre 0,02 + 0,02 0 0
Fredspartiet 0,01 + 0,01 0 0
Total 100 0 150 0

Om resultatet[endre | endre wikiteksten]

Partiet med størst framgang ved valet var Høgre, som auka stortingsgruppa si med 6 mandat, men regjeringspartiet Arbeidarpartiet gjekk òg fram og gjorde, for andre gong på rad, sitt beste valresultat nokonsinne. Med 70 mandat mangla dei framleis 6 mandat på å ha reint fleirtal, men regjeringa Nygaardsvold vart likevel sitjande. Ein stor tapar ved dette valet var Bondepartiet, som heldt fram nedgangen og mista 5 mandat. Likevel skulle dei ikkje få eit så godt valresultat igjen før 1993. Venstre sin tilbakegang var mindre markert.

Av dei mindre partia var det berre Nasjonal Samling som stilte til val i alle valkrinsane, men utan å få vald inn representantar, og med eit mindre stemmetal enn i 1933. NS sine beste einskildresultat var i valkrinsen byane i Hedmark og Oppland, med 6,4 % av røystene, og i Oslo med 3,8 %. Samfundspartiet stilte i alle valkrinsar utanom to, og fekk vald inn ein representant med 10,1 % av røystene i landkrinsane i Nordland. Kristeleg Folkeparti stilte i Bergen og Hordaland og fekk inn to representantar frå Hordaland med 20,9 % av røystene der. Frisindede Folkeparti ramla ut av Stortinget, og stilte aldri nokon gong til val igjen. Det same gjaldt Det Radikale Folkeparti, som denne gong berre stilte i landkrinsane i Oppland, og med 10,1 % oppslutning der heller ikkje kom inn. Norges Kommunistiske Parti stilte denne gongen berre til val i Bergen der det fekk 7,6 % av røystene og ikkje kom inn på Stortinget. Ellers stilte og seks småparti, deriblant fire fiskarparti, som alle stilte berre i ein valkrins utan å koma inn på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]