Stortingsvalet 1961

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingsvalet 1961 var eit stortingsval i Noreg som vart halde den 11. september 1961. Arbeidarpartiet fekk nær halvdelen av alle røystene, men mista det reine fleirtalet dei hadde hatt på Stortinget sidan andre verdskrigen. Det nye partiet på Stortinget, Sosialistisk Folkeparti (SF), fekk ein viktig vippeposisjon. Einar Gerhardsen si tredje regjering heldt fram. Regjeringa måtte gå av i august 1963 på grunn av Kings Bay-saka. SF røysta saman med dei borgarlege partia for eit mistillitsframlegg mot regjeringa. John Lyng danna ei regjering som sat berre kort tid.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1957 Mandat Endring i høve til 1957
Arbeidarpartiet 46,8 - 1,6 74 - 4
Høgre 19,3 + 2,4 29 0
Senterpartiet 6,8 - 1,8 16 + 1
Kristeleg Folkeparti 9,3 - 0,9 15 + 3
Venstre 7,2 - 2,4 14 - 1
Sosialistisk Folkeparti 2,4 + 2,4 2 + 2
Norges Kommunistiske Parti 2,9 - 0,4 0 - 1
Borgarlege felleslister 5,2 + 2,3 0
Frie Venstre-veljarar 0,1 + 0,1 0 0
Norsk Sosialdemokratisk Parti 0,03 - 0,13 0 0
Total 100 0 150 0

¹ Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.

Dei borgarlege felleslistene var:

Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:

Politisk parti Røyster i prosent Endring frå 1957
Høgre 20,0 + 1,1
Kristeleg Folkeparti 9,6 - 0,6
Senterpartiet 9,3 0
Venstre 8,9 -0,7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]