Stortingsvalet 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingsvalet 1981 vart halde den 14. september 1981. Oppslutninga denne datoen var på 82,0 %. Det vart vald 155 stortingsrepresentantar. Grunna feil ved gjennomføringa av valet 14. september vart det halde omval i Buskerud og Troms den 7. desember. Dette førte til at Arbeidarpartiet vann eit mandat i Buskerud på kostnad av Høgre.

Stemmetal ved stortingsvalet 1981 etter parti, medrekna resultat av omvalet[endre | endre wikiteksten]

Politisk parti Røystetal Røyster i prosent Endring frå 1977 Stortingsmandat Endring frå 1977
Arbeidarpartiet 914 749 37,2 - 5,1 66 - 10
Høgre 780 372 31,7 + 7,2 53 + 12
Kristeleg Folkeparti 219 179 8,9 - 0,8 15 - 7
Sosialistisk Venstreparti 121 561 4,9 + 0,8 4 + 2
Framstegspartiet 109 564 4,5 + 2,6 4 + 4
Senterpartiet 103 753 4,2 - 3,8 11 - 1
Venstre 79 064 3,2 + 0,9 2 0
Raud Valallianse 17 844 0,7 + 0,1 0 0
Det Liberale Folkepartiet 13 344 0,5 - 0,4 0 0
Noregs Kommunistiske Parti 6 673 0,3 - 0,1 0 0
Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste 1 482 0,06 + 0,06 0 0
Tom A. Schankes Parti 826 0,03 + 0,03 0 0
Frie Folkevalde 782 0,03 - 0,02 0 0
Samealbmot listu/Samefolkets Liste 594 0,02 0 0 0
Borgarlege felleslister 88 969 3,6 - 1,2 0
Totalt 2 458 755 100   155 0

¹ Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.

Dei borgarlege felleslistene var:

Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:

Politisk parti Røyster i prosent Endring frå 1977
Kristeleg Folkeparti 9,4 - 3,0
Senterpartiet 6,7 - 1,9
Venstre 3,9 + 0,7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.