Stortingsvalet 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingsvalet 1985 vart halde 9. september 1985. Oppslutninga var på 84,0 %. Antalet stortingsrepresentantar vart auka med 2, til 157. Nytt ved dette valet var at det var høve til å inngå listesamband for første gong sidan 1945. Difor stilte ingen felleslister ved dette valet. Dette var òg det siste valet då det var høve til å inngå listesamband, då ordninga med utjamningsmandat vart innført i 1989 vart både listesamband og felleslister overflødig.

Stemmetal ved stortingsvalet 1985 etter parti[endre | endre wikiteksten]

Politisk parti Røystetal Røyster i prosent Endring frå 1981 Stortingsmandat Endring frå 1981
Arbeidarpartiet 1 061 712 40,8 + 3,6 71 + 5
Høgre 791 537 30,4 - 1,3 50 - 3
Kristeleg Folkeparti 214 969 8,3 - 0,7 16 + 1
Senterpartiet 171 770 6,6 + 2,4 12 + 1
Sosialistisk Venstreparti 141 950 5,5 + 0,5 6 + 2
Framstegspartiet 96 797 3,7 - 0,7 2 - 2
Venstre 81 202 3,1 - 0,1 0 - 2
Raud Valallianse 14 818 0,6 - 0,2 0 0
Det Liberale Folkepartiet 12 958 0,5 0 0 0
Pensjonistpartiet 7 846 0,3 + 0,3 0 0
Noregs Kommunistiske Parti 4 245 0,2 - 0,1 0 0
Sunnmørslista 1 524 0,06 + 0,06 0 0
Frie Folkevalde 252 0,01 - 0,02 0 0
Samfunnspartiet 200 0,008 + 0,008 0 0
Upolitisk liste 100 0,004 + 0,004 0 0
Totalt 2 601 817 100   157 + 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.