Stortingsvalet 1888

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stortingsvalet i 1888)

Stortingsvalget 1888 blei halde hausten 1888 i Noreg. Det var eit indirekte val der ein valde ut valmenn som igjen valde dei 114 representantane til Stortinget. 128 368 menn og ingen kvinner hadde røysterett. Av dei røysteføre røysta 90 416, det vil seia at valoppsluttinga var på 70,4 %.

Valet gav stor framgang for partiet Høgre. Venstre hadde nett fått ei avskalling til høgre då Moderate Venstre vart danna kort tid før valet. Denne grupperinga, som var den lågkyrkjelege delen av morpsrtiet, fekk ein betydeleg del av røystene og saman med Høgre velta dei Sverdrup-regjeringa i 1889. Emil Stang d.e. danna deretter det første ministeriet sitt.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Prosent av røystene (%) Endring i høve til 1885 Mandat1 Endring i høve til 1885
Høgre 38,1 +1,6 % 49 +19
Moderate Venstre 19,9 +19,9 % 24 +24
Venstre 42,0 -21,4 % 37 -47
Total 100 114 0

1I tillegg var det 4 representantar med ukjent eller uklar partitilhøyring.

I vala før 1906 kunne ein røysta på fleire kandidatar. Dessutan var kandidatane ikkje alltid knytt til eit parti. Difor blir fordelinga av røysteme mellom partia noko skjønsmessig.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]